Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: Barne- og ungdomsarbeidar i barnehageChevronRight
  5. Merking av matChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Merking av mat

Det kan vere hektisk å jobbe i barnehagen! I løpet av dagen er det leik, song, litt krangling, og det hender at nokre græt og treng trøst.

Ofte har ungane forslag til korleis ting bør vere, og det synest Emil er veldig bra, men litt krevjande. Det er jobben hans å avgjere om dei skal følgje ønska frå ungane.

Òg når det gjeld mat, har ungane eigne ønske. Dei har oppdaga noko nytt anten i butikken eller gjennom reklame. Det kjem stadig nye matprodukt på marknaden som nokre har lyst på. Emil har lært seg å lese varedeklarasjonar på produkta, slik at han raskt kan vurdere kva for matvarer som passar med målsetjinga om sunt kosthald.

Bruk Matportalen.no og lær deg å lese varedeklarasjonar:

  • Les og ta notat frå sida Slik skal ferdigmat merkes på Matportalen.
  • Les og ta notat frå dei andre sidene om matmerking på Matportalen.

Kva tyder nøkkelholmerket?

Læringsressursar

Yrke: Barne- og ungdomsarbeidar i barnehage