Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: ApotekteknikarChevronRight
  5. Ein dag på apoteketChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Ein dag på apoteket

Dette er ei open oppgåve som gir deg høve til å gjere ein del eigne val. Saman med fleire skal du lage eit rollespel om det som skjer på apoteket.

Dette er ei open oppgåve som gir deg høve til å gjere ein del eigne val. Saman med fleire skal du lage eit rollespel om det som skjer på apoteket. Det passar godt å gjere denne oppgåva etter at du har arbeid med resten av denne yrkessituasjonen.

De skal gjennomføre eit rollespel i grupper på seks til åtte elevar. Rollespelet går føre seg på apoteket. To eller tre er apotekteknikarar, og dei andre er kundar. Temaet for rollespelet er kunderettleiing.

Slik arbeider du med ei open oppgåve

No kan de sjølve velje kva for kompetansemål de tek med, og kva for faglege tema de trekkjer inn. Jo fleire kompetansemål og tema, jo betre får de vist den heilskaplege kompetansen dykkar. De kan finne forslag til aktuelle kompetansemål og fagstoff i dei andre oppgåvene i denne yrkessituasjonen.

De skal

  • planleggje kva de skal gjere
  • gjennomføre oppgåva i tråd med planen
  • vurdere korleis det gjekk
  • dokumentere arbeidet med dokumentasjonsverktøyet under

Læringsressursar

Yrke: Apotekteknikar