Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: ApotekteknikarChevronRight
  5. Mineral i kostenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Mineral i kosten

Ein dag kjem Janne inn på apoteket. Ho seier at ho er blodfattig og treng jerntilskot.

  • Kva meiner Janne med at ho er blodfattig?
  • Kva oppgåver har jern i kroppen?
  • Kva må til for at jernet skal sugast opp i kroppen?
  • Kva kan årsakene vere til at jernverdiane er for låge?

Etter to månader er Janne tilbake på apoteket. Ho seier at ho ikkje er blodfattig lenger, men at ho vil halde fram å ta jern for å vere sikker. Babiri rår henne i staden til å vere meir medviten om kva ho et. Med eit riktig samansett kosthald kan ho sleppe å ta jerntilskot.

Lag ein brosjyre til bruk i apoteket med tittelen «Korleis får eg nok jern gjennom kosten?»

Jern er eit av fleire mineral som kroppen treng. Lag ein tabell som kan leggjast ut på nettsidene til apoteket, med tittelen «Mineral i kosten».

Læringsressursar

Yrke: Apotekteknikar