Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: ApotekteknikarChevronRight
  5. Yrkesetikk og respektChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Yrkesetikk og respekt

Ei ung jente kjem fram til kassa der Ragna står. Ho verkar litt brydd. Jenta leverer ein resept på p-piller og ber om informasjon om graviditetstestar.

«Men du må jo ikkje ta p-piller viss du er gravid, det veit du vel?» seier Ragna høgt så både Babiri og dei nærmaste kundane høyrer det. Jenta raudnar og ser seg rundt medan Ragna held fram med å snakke like høgt. Babiri synest situasjonen er pinleg. Ho har opplevd liknande situasjonar med Ragna før.

  • Vurder denne situasjonen opp mot dei yrkesetiske retningslinjene for apotekteknikarar.
  • Kva haldningar viser Ragna?
  • Bør Babiri gjere noko i denne situasjonen? I tilfelle kva? Grunngi svaret.

Læringsressursar

Yrke: Apotekteknikar