Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: ApotekteknikarChevronRight
  5. DiskrimineringChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Diskriminering

Babiri trivst ganske godt på arbeidsplassen sin, men det er éi av dei andre tilsette ho synest det er vanskeleg å samarbeide med.

Ragna, som ho heiter, har jobba der i mange år, og Babiri har ein følelse av at Ragna ikkje liker henne. Ragna snakkar aldri direkte til Babiri, og ho helser sjeldan når dei treffest om morgonen. Babiri skjønner ikkje heilt kvifor, men mistenkjer at det er på grunn av hudfargen ho har, og at ho kjem frå Afrika. Babiri meiner at dette er diskriminering. Ho blir usikker og redd for å gjere feil når ho arbeider saman med Ragna.

Diskuter dei følgjande spørsmåla i grupper:
• Kva er diskriminering?
• I Noreg har vi ei lov mot diskriminering, finn denne lova.
• Kva er formålet med denne lova?
• Kva seier lova om kva som er diskriminering?
• Blir Babiri utsett for diskriminering? Grunngi svara dykkar.

Læringsressursar

Yrke: Apotekteknikar