Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: ApotekteknikarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Yrke: Apotekteknikar

I denne filmen fortel ein apotekteknikar om arbeidet sitt. Ho kjem inn på emne som kundehandsaming, det å møte ulike menneske og samarbeid med andre yrkesgrupper på apoteket.

Apotektekniker

Utfordringar til deg

  1. Intervju ein som jobbar i eit apotek om kva god kundehandsaming er. Skriv ei oppsummering av det du finn ut og send ho til læraren din med e-post.
  2. Korleis set ein kunden i fokus?
  3. Kva vil det seie å spegle kunden? Lag eit rollespel som viser dette.
  4. Lag eit rollespel om ein samtale mellom ein apoteteknikar og ein kunde om inkontinensproblem.
    • Gjennomfør rollespelet med klassen som tilhøyrarar.
    • Arbeid deretter to og to og gjennomfør rollespelet utan tilhøyrarar.
    Kva for ein situasjon fungerte best? Kvifor?
  5. Kva meiner ein med diskresjon?
  6. I kva for samanhengar kan det vere ønskjeleg at berre kunden og apotekteknikaren veit kva det vert snakka om? Lag ei liste med døme.

Læringsressursar

Yrke: Apotekteknikar