Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: OrtopediteknikarChevronRight
  5. Å sitje i rullestolChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Å sitje i rullestol

For å kunne hjelpe pasientane på best mogleg måte er det viktig at Albulena prøver å setje seg inn i korleis menneske med ulike funksjonshemmingar kan oppleve omgivnadene sine.

Gå saman i grupper på tre. Éin sit i rullestol, éin trillar rullestolen, og éin er observatør. Vel eit område som de besøkjer. Det kan vere nærbutikkane, sentrum eller dykkar eigen skole. Byt roller undervegs.

Finn ut

  • korleis det er å kome seg fram med rullestolen
  • korleis det er å kome inn på WC, i ein heis, i butikkar og andre stader
  • korleis folk oppfører seg mot den som sit i rullestolen
Skriv ein avisartikkel om korleis du opplevde denne øvinga. Legg vekt på
  • opplevingar du hadde
  • korleis andre kommuniserte med den som sat i rullestolen
  • kva kunnskapar du har fått gjennom øvinga, og korleis dette har påverka haldningane dine til rullestolbrukarar

Læringsressursar

Yrke: Ortopediteknikar