Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: OrtopediteknikarChevronRight
  5. Å vere blindChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Å vere blind

For å kunne hjelpe pasientane på best mogleg måte er det viktig at Albulena prøver å setje seg inn i korleis menneske med ulike funksjonshemmingar kan oppleve omgivnadene sine.

Arbeid saman to og to. Éin tek på seg augelappar og mørke solbriller slik at han ikkje ser. Den andre skal leie vedkomande rundt på skolen. Gjer vanlege ting, som for eksempel å ete og gå på toalettet.

Byt roller.

Diskuter med kvarandre kva de opplevde, og korleis de reagerte.

Korleis har denne øvinga påverka haldningane dine til og kunnskapane dine om det å vere blind?

Læringsressursar

Yrke: Ortopediteknikar