Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: OrtopediteknikarChevronRight
  5. HaldningarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Haldningar

Ein dag Albulena ser på at ortopediteknikaren arbeider med å tilpasse ein beinprotese saman med ein pasient, oppstår det en komisk situasjon. Albulena bryt ut i latter, og etterpå er ho veldig flau for at ho ikkje greidde å la vere å le.

Skriv ein kort tekst (for deg sjølv) for kvar av desse titlane:

  • «Haldningane mine til menneske med nedsett funksjonsevne i skolen.»
  • «Haldningane mine til menneske med nedsett funksjonsevne i yrkeslivet.»
  • «Haldningane mine til menneske med nedsett funksjonsevne som kjærastar.»
  • «Haldningane mine til menneske med nedsett funksjonsevne som sjølvstendige eller hjelpetrengande.»
  • «Haldningane mine til menneske med nedsett funksjonsevne på fest.»
    Diskuter temaet «haldningar til menneske med nedsett funksjonsevne» i klassen etterpå.

Omgrep

Kva er forskjellen på omgrepa å vere funksjonshemma og å ha nedsett funksjonsevne? Kvifor er det viktig at du som fagarbeidar brukar omgrepet menneske med nedsett funksjonsevne?

Læringsressursar

Yrke: Ortopediteknikar