Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: OrtopediteknikarChevronRight
  5. Vanskelege ordChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Vanskelege ord

Tomas og Albulena diskuterer ord som beskriv funksjonsnedsetjingar. Ord er ikkje nøytrale. Kva ord vi vel å bruke, varierer med kvar vi kjem frå, kven vi er, og kven vi snakkar med. Kva ord bruker du?

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, FF, har laga ei liste med ord dei meiner kan anbefalast, og ord dei meiner vi ikkje bør bruke. Her er lista:

Anbefalt

  • Funksjonshemma
  • Menneske/personar med funksjonsnedsetjingar
  • Menneske/personar med redusert høyrsel, syn osv.
  • Menneske med autisme
  • Funksjonshemma (samanlikna med) befolkninga elles/resten av befolkninga eller ikkje-funksjonshemma
  • Rørslehemma
  • Synshemma (= blinde eller svaksynte)
  • Høyrselshemma og døve
  • Døvblitt (mista høyrselen heilt etter at talespråket er lært inn)
  • Kortvaksen
  • Utviklingshemma
  • Diabetes/diabetikar
  • Dysleksi/dyslektikar
  • Punktskrift i staden for blindeskrift
  • Teiknspråk (ikkje døvespråk)
  • Førarhund

Ver varsom

  • Psykopat
  • Handikappa
  • Gladjenta/gladguten (ofte brukt om funksjonshemma)
  • Hjelpelaus
  • Skamfaren, ha eit lyte
  • Ord med forstaving blind-, døv-, handikap- osv.
  • Bruk av ord som sinnsjukt/schizofrent/døvt som adjektiv og adverb
  • Brukar - skal berre brukast når det blir vist til kva ein er brukar av, ikkje som synonym til funksjonshemma

Skal ikkje brukast

  • Funksjonsfrisk
  • Dei funksjonshemma
  • Ufør som synonym med funksjonshemma
  • Yrkeshemma som synonym med funsksjonshemma
  • Psykisk utviklingshemma
  • Krøpling
  • Forkrøpla
  • Invalid/invalidisert
  • Invalide-bil og andre bindestreksord
  • Vanfør
  • Lenkja til rullestolen/senga
  • Dverg
  • Åndssvak
  • (Mentalt) tilbakestående
  • Autist
  • Mongoloid
  • Retadert
  • Sinnsjuk
  • Grønsak
  • Synssvak
  • Blinde + hund/bøker
  • Tunghøyrd
  • Døvstum
  • Døve + tolk/språk
  • Ordblind
  • Sukkersjuke
  • Senile (= dement eller senil-dement)
  • Multihandikappa

Kva forhold har du til desse orda? Diskuter i klassen:

  1. Studer orda på lista. Korleis bruker du desse orda?
  2. Blir slike ord brukte ulikt av forskjellige menneske? Vel ut somme av orda og spør ulike personar om korleis dei bruker dei – medelevar, lærarar, fagarbeidarar innan helse- og oppvekstsektorane. Er ordbruken avhengig av alder eller kvar ein kjem frå?
  3. Er du einig i inndelinga i skjemaet? Kor stor vekt vil du leggje på at funksjonshemma sine organisasjonar sjølve anbefaler dette?
  4. Kva er forskjellen på å seie "ein autistisk person" eller "ein autist" og å seie "ein person med autisme"? Mange vil heller omtalast som "ein person med nedsett høyrsel" enn som "ein døv". Kva tenkjer du om det?

Les om korleis ein bruker desse orda på engelsk: Talking About Disabilities

Læringsressursar

Yrke: Ortopediteknikar