Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: OrtopediteknikarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Yrke: Ortopediteknikar

I denne filmen fortel ein ortopediteknikar om arbeidet sitt. Han fortel om møta sine med menneske med funksjonshemmingar, og om eit yrke der teknologi, kreativitet og produktutvikling står sentralt.

Ortopeditekniker

Utfordringar til deg

  1. I filmen skildrar ortopediteknikaren samarbeidet mellom ingeniøren og pasienten.
    • Kva samarbeider han med dei om?
    • Kva er ein ingeniør?
  2. Ortopediteknikaren fortel om strenge reglar for HMS.
    • Kva betyr HMS?
    • Kva slags verneutstyr er det vanleg å bruke i dette yrket?
    • Kvifor er det viktig å bruke riktig verneutstyr?
    • Kva er ein risikoanalyse?
    • Korleis vert ein risikoanalyse gjort?
  3. Diskuter kva for konsekvensar manglande eller feil bruk av verneutstyr kan ha for helsa vår.
  4. Bruk kunnskapane dine om menneskekroppen og lag eit treningsprogram som trenar opp muskelstyrke. Be gjerne kroppsøvingslæraren om hjelp.
    • Presenter programmet for klassen din.
    • Gjennomfør treningsprogrammet i ein måned. Merkar du nokon skilnad?
    • Kvifor er det viktig å vere i god form?
  5. Ortopediteknikaren brukar datamaskin og avanserte maskiner i arbeidet sitt.
    • Kva for kunnskapar krev dette?
    • Kva er teknologi?
  6. Teknologien utviklar seg stadig, og i alle yrke må ein oppdatere kunnskapane sine og lære nye ting. Dette vert kalla livslang læring.
    • Kvifor er det viktig å halde fram å lære etter at ein er ferdig på skolen?
    • Korleis kan ein lære nye ting på arbeidsplassen?
    • Kven har ansvar for at arbeidstakarar tileignar seg ny kunnskap?
  7. Spør på ulike arbeidsplassar, gjerne stader de er i yrkesfagleg fordjuping, korleis dei tilsette får oppdatert dei faglege kunnskapane sine. Samanlikn svara frå ulike bedrifter.
  8. I filmen fortel ortopediteknikaren at yrket og krev sosiale dugleikar.
    • Kva legg han i det?
    • "Du må vere snill, grei og sosial", seier han. Diskuter kva han meiner med det.
    • Kan slike dugleikar trenast opp?
  9. I filmen vert desse tre situasjonane skildra:
    • Det set på feil protese.
    • Ein person har ikkje fått ny protese på svært mange år.
    • Ein gut har fått tatovering på protesen sin.
    Kva kan ein lære om kommunikasjon, identitet og tryggleik ut fra desse situasjonane?

Læringsressursar

Yrke: Ortopediteknikar