Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: FotterapeutChevronRight
  5. Stell føterChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Stell føter

Dette er ei open oppgåve som gir deg høve til å gjere ein del eigne val. Du skal stelle føtene til ein medelev. Det passar godt å gjere denne oppgåva etter at du har arbeidd med resten av denne yrkessituasjonen.

Arbeid saman tre og tre. De skal stelle føtene til kvarandre. Skift på å vere kunde, observatør og den som utfører fotstellet.

Slik arbeider du med ei open oppgåve

No kan de sjølve velje kva for kompetansemål de tek med, og kva for faglege tema de trekkjer inn. Jo fleire kompetansemål og tema, jo betre får de vist den heilskaplege kompetansen dykkar. De kan finne forslag til aktuelle kompetansemål og fagstoff i dei andre oppgåvene i denne yrkessituasjonen.

De skal

  • planleggje kva de skal gjere
  • gjennomføre oppgåva i tråd med planen
  • vurdere korleis det gjekk
  • dokumentere arbeidet med dokumentasjonsverktøyet under

Læringsressursar

Yrke: Fotterapeut

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter