Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: FotterapeutChevronRight
  5. God serviceChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

God service

Rachid seier stadig til dei tilsette: «Kundane skal få god service når dei kjem til velværesenteret.»

  • Kva er god service?
  • Korleis kan ein vite kva kunden ønskjer?
  • Lag eit «Fem på gata»-oppslag om god service.

Tenk deg at du har opplæring på velværesentret. I går krangla du med foreldra dine, og du sov dårleg heile natta. Du kjenner at dette blir ein dårleg dag, og du har mest lyst til å bli heime – men du går på jobb. Diskuter kva du kan gjere for at dette ikkje skal påverke jobben din. Kva må du gjere for å yte god service på ein slik dag?

Læringsressursar

Yrke: Fotterapeut

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter