Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: FotterapeutChevronRight
  5. Kva er diabetes?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kva er diabetes?

Gunnar er fast kunde på velværesentret. Han kjenner dei tilsette godt og føler seg trygg der. Han vender seg ofte til dei tilsette for å få informasjon om sjukdommen sin. Han ber òg om råd om kva omsyn han bør ta for å ha eit best mogleg liv med sjukdommen. Dei tilsette treng derfor å ha gode kunnskapar om diabetes.

Kva to hovudtypar av diabetes finst? Fortel ein medelev om type 2-diabetes.

Ta utgangspunkt i desse spørsmåla:

  • Kva skjer i kroppen?
  • Kva er vanlege symptom?
  • Korleis blir diabetes behandla?
  • Kva er seinkomplikasjonar ved diabetes, og korleis kan Gunnar førebyggje dei?
  • Er type 2-diabetes ein livsstilssjukdom? Korleis kan han førebyggjast? Grunngi svaret.

For å forklare kva som skjer i kroppen, treng Rachid og dei andre kunnskapar om bukspyttkjertelen.

Bukspyttkjertelen

  • Finn bukspyttkjertelen i ein torso.
  • Teikn eit snitt av bukspyttkjertelen og set namn på delane.
  • Kva for nokre hormon blir produserte i bukspyttkjertelen, og kva oppgåver har dei i kroppen?

Læringsressursar

Yrke: Fotterapeut

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter