Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Ulike føresetnader for utviklingChevronRight
  5. Universell utformingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Universell utforming

Universell utforming er ein måte å planleggje og byggje opp samfunnet på slik at menneske med redusert funksjonsevne vert ein del av samfunnet (integrert).

Universell utforming.Baderampe for rullestol. Foto.

Universell utforming har vorte eit viktig område i samfunnet, både i regelverk og i andre dokument. Universell utforming vert definert som:

Universell utforming er utforming av produkt og omgjevnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing og ei spesiell utforming.
Kjelde: regjeringen.no

Universell utforming representerer ein ny måte å tenkje på. Når ein skal byggje nye offentlege bygg, legg ein vekt på at dei skal utformast slik at dei vert tilgjengelege for alle utan spesialløysingar for enkeltgrupper. Døme på dette kan vere:

  • at alle dører og inngangar er tilgjengelege med rullestol
  • at det finst heisar som gjer alle rom tilgjengelege for funksjonshemma
  • at det er skilting for orienteringshemma
  • at det er merking som gjer det mogleg og trygt for synshemma å ta seg fram

Miljødepartementet seier at produkt, byggverk og uteområde som er i alminneleg bruk, skal utformast på ein slik måte at alle menneske skal kunne bruke dei på ein likestilt måte så langt det er mogleg, utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel.

Utfordringar til deg:

  1. Kva er universell utforming?
  2. Finn ut om din skole har ei universell utforming.
  3. Fordjupning: Les om universell utforming på regjeringen.no

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter