Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Ulike føresetnader for utviklingChevronRight
  5. Å setje funksjonshemmingar i grupperChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å setje funksjonshemmingar i grupper

I faglitteratur om funksjonshemmingar kan du finne at ulike funksjonshemmingar vert delte inn i fem hovudgrupper: Synshemma, hørselshemma, rørslehemma, skjulte funksjonshemmingar og psykisk utviklingshemming. Ei slik inndeling har fleire veikskapar.

I Noreg finst det over 100 ulike interesseorganisasjonar for menneske med ulike funksjonshemmingar. Viss ein skal fordele desse innanfor fem hovudgrupper, vil forskjellane i gruppene bli svært store.
Eit anna problem med å gruppere er at nokre ikkje føler seg heime i nokon av gruppene, mens andre føler seg heime i fleire av dei.

Utvalget ser ingen grunn til å skille mellom de ulike typer nedsatt funksjonsevne. Nedsatt funksjonsevne omfatter ifølge utvalget fysiske, psykiske, og kognitive funksjoner.

Utvalget viser til at fysiske funksjoner kan sies å være for eksempel bevegelses-, syns-, eller hørselsfunksjon.

Psykiske funksjoner kan defineres som for eksempel sykdommer og tilstander som ikke direkte har konsekvenser for kognitive funksjoner.

Eksempler på kognitive funksjoner er ifølge utvalget redusert evne til mentale prosesser som språk, hukommelse, informasjonsbearbeidelse, problemløsning og ervervelse av kunnskap og erfaringer.

Fra Ot.prp. nr. 44 (2007- O8)
Barne- og likestillingsdepartementet

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter