Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Ulike føresetnader for utviklingChevronRight
  5. UtviklingshemmingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utviklingshemming

Utviklingshemming eller psykisk utviklingshemming er ei nemning på medfødd eller tidleg erverva kognitiv svikt. Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) brukar no konsekvent nemninga ”utviklingshemma” for å unngå misforståingar og samanblanding med psykiske sjukdommar.

Downs syndrom.Foto.

Utviklingshemming er ei samlenemning for ei rekkje ulike tilstandar eller diagnosar. Felles kjenneteikn er at evna til å lære og til å klare seg i samfunnet, er meir eller mindre redusert.

Kognitiv svikt fører til at funksjonar som tenking, merksemd, minne, læring og språkforståing er reduserte.

Det er tre diagnostiske kriterium for å kunne gi den medisinske diagnosen psykisk utviklingshemma:

  • redusert mental funksjon
  • mangelfull tilpassing
  • tilstanden har vist seg før personen fylte 18 år

Innan medisinen er det nå vanleg å klassifisere psykisk utviklingshemming i fire kategorier:

  • lett
  • moderat
  • alvorleg
  • djup

Utviklingshemming kan ha mange årsaker.

  • kromosomfeil
  • stoffskiftesjukdommar
  • infeksjonar og sjukdommar som raude hundar under svangerskapet
  • fødselsskadar som til dømes for tidleg fødsel og låg fødselsvekt
  • etter fødselen kan det vere skadar i samband med sjukdommar som hjernehinnebetennelse, hjernebetennelse eller skadar ved ulykker

Personar med ei utviklingshemming vil trengje lengre tid til å lære og å utvikle kompensatoriske funksjonar. Dei vil ha problem med abstrakte omgrep og å setje seg inn i korleis andre tenkjer. Dei vil kunne lære å lese, skrive og enkel rekning, men oppgåver der mange faktorar spelar saman, vil vere vanskeleg å takle. Desse barna skil seg ikkje mye frå andre barn dersom dei vert møtte med forståing.

Personar med ei moderat utviklingshemming vil ha vanskar med å generalisere. Dei er avhengige av det konkrete. Dei kan teknisk lære å lese, men tolkninga av det dei les, kan vere vanskeleg. Dei forstår nærmiljøet sitt ut frå eigne røynsler og konkrete opplevingar, men tid kan vere vanskeleg å forstå.

Utfordringar til deg:

  1. Kva er utviklingshemming?
  2. Kva for tre diagnostiske kriterium finst for å kunne seie at eit menneske er psykisk utviklingshemma? Drøft kva kriteria betyr.
  3. Nemn nokre årsaker til utviklingshemming.
  4. De av dykk som søkjer meir spesiell informasjon, kan kontakte fastlegen. Pedagogisk psykologisk teneste og helsestasjonen er og faginstansar som kan hjelpe dykk. Alle helseføretaka har ei habiliteringsteneste som fastlegen eller kommunen kan vise dykk til ved spesielle behov.
  5. Sjå filmen dikterjente.
    Kva fortel denne filmen deg om det å bruke sine sterke sider, og det å gjere ting mogeleg?
  6. Les historia "Velkommen til Holland". Diskuter innholdet i klassen.

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter