Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Ulike føresetnader for utviklingChevronRight
  5. Nedsett funksjonsevneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nedsett funksjonsevne

Det er viktig å vere medviten om kva omgrep vi bruker og at omgrepa endrar seg over tid. Her skal vi sjå litt på omgrepa nedsett funksjonsevne, funksjonsnedsetjing og funksjonshemmingar.

Dame med bind foran øynene. Foto.

Omgrep

Når du les litteratur og høyrer debattar vil du oppleve at omgrep knytte til emnet blir brukte på ulike måtar. Som profesjonell yrkesutøvar bør du bruke omgrep på den måten som offentlege styresmakter gjer. Du må også vere klar over at både fagfolk og faglitteratur enno bruker omgrepet funksjonshemning om det som bør kallast nedsett funksjonsevne.

Funksjonsnedsetjing og nedsett funksjonsevne

I Ot.prp. nr. 44 (2007-08) bruker barne- og likestillingsdepartementet omgrepet nedsett funksjonsevne.

.... funksjonsnedsetjing og nedsett funksjonsevne er synonyme og nøytrale nemningar på dei kroppslege, psykiske og kognitive føresetnadane til individet, men føretrekk nedsett funksjonsevne i språkleg samanheng.
Kjelde: OT.prp.nr.44 (2007-08)
Med nedsett funksjonsevne meiner vi tap av eller skade på ein kroppsdel eller i ein av funksjonane til kroppen. Dette kan for eksempel dreie seg om nedsett rørsle, -, syns - eller hørselsfunksjon, nedsett kognitiv funksjon, eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjarte- og lungesjukdommar. Funksjonsnedsetjing blir rekna for å vere synonymt med nedsett funksjonsevne.
Kjelde: regjeringa.no

Diagnose

Du bør vere klar over at ein diagnose ikkje seier noko om funksjonsnivået til menneske eller behovet deira for hjelp. Eit menneske med ei synshemming kan fungere godt og ikkje ha noko hjelpebehov, mens eit anna kan ha store problem med å fungere sjølvstendig. I gruppa menneske med psykisk utviklingshemming vil enkelte trenge hjelp til dei fleste oppgåver, mens andre fungerer godt med eigen bustad, jobb og fritidsaktivitetar.

Utfordringar til deg:

  1. Kva kan vere grunnen til at menneske med for eksempel reumatisme ikkje tenkjer på seg sjølve som funksjonshemma?
  2. Kva er skilnaden på nedsett funksjonsevne og funksjonshemming?
  3. Teikn og forklar gapmodellen.
  4. Kva er ein diagnose?
  5. Les om definisjonar på FFO sine sider.

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter