Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Ulike føresetnader for utviklingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å bruke tolk

På jobben kan du komme i situasjonar der du og de du skal samhandle med ikkje har felles språk. Då er det både viktig og nyttig å bruke tolk.

Kvinnelig tolk

Å kommunisere ved hjelp av tolk tek tid. Alt skal seiast ein ekstra gong, og samtalen blir ofte mykje meir oppstykka enn ein vanleg samtale. Dette må ein ha med seg når ein planlegg, og ein må setje av nok tid.

Kvalifisert tolk

For at tolkinga skal fungere best mogleg, er det viktig å kjenne kvalifikasjonane til tolken. I dei fleste situasjonar er det difor tilrådd å bruke kvalifiserte tolkar. Ein kvalifisert tolk har i tillegg til god språkkompetanse i minst to språk også opplæring i tolking. Det vil mellom anna seie at ho eller han har lært at ein tolk skal omsetje alt som kjem fram i samtalen, og ikkje utelate eller leggje til noko. Tolken skal vere upartisk i tolkesituasjonen og ikkje la eigne haldningar påverke tolkinga, og tolken skal ikkje ta på seg andre oppgåver i samband med tolkinga. Ein kvalifisert tolk har teieplikt.

Alle som har prøvd å kommunisere ved hjelp av tolk, har erfart korleis ein tolk kan vere av uvurderleg nytte, samtidig som vi mistar kontrollen over kva som blir sagt, og ikkje sagt, når vi let ein tredjeperson inn i samtalen. Det er altså heilt avgjerande at vi har tillit til tolken og kvalifikasjonane hans eller hennar. Når vi bruker ukvalifisert tolk, som familie og venner, har vi ikkje den same garantien for at vedkommande har dei nødvendige språklege kvalifikasjonane og kjenner til grunnreglane for tolking. Risikoen er at tolken kan komme til å utelate informasjon, eller eventuelt sjølv leggje til informasjon, utan at vi som deltakar i samtalen har nokon sjanse til å vite det.

Viktige føresetnader

Av og til er det eit poeng at tolken har same kjønn som barnet. Andre gonger kan det vere viktig at tolken har den same etniske eller religiøse bakgrunnen. I dei aller fleste tilfella er likevel god språkkompetanse og god tolkeopplæring det viktigaste.

Informer om bruk av tolk

Når vi skal kommunisere med barn og unge ved hjelp av tolk, er det viktig at også dei har tillit til tolken. Dei skal kunne stole på at tolken formidlar det som blir sagt, riktig, og at tolken ikkje fortel dette vidare til andre. Dersom denne tilliten ikkje er til stades, blir samtalen mindre informativ og god. Difor bør barnet eller ungdommen før samtalen byrjar, få informasjon om korleis ein tolk arbeider, og kva for plikter og ansvar ein tolk har.

Familie og venner som tolk

Av og til er det vanskeleg å få tak i kvalifisert tolk. Det kan vere snakk om akuttsituasjonar, eller at vi er på ein stad der det ikkje finst nokon med den nødvendige språkkompetansen. I slike tilfelle blir ofte familie og venner brukte som tolkar.

For barn og unge kan det i ein del tilfelle vere positivt og trygt at foreldra eller annan nær familie fungerer som tolk. Då skal ein vurdere det. Det er likevel situasjonar då det ikkje passar like godt med ein familietolk, som for eksempel når ein skal snakke om private forhold i livet til barnet eller ungdommen. I slike tilfelle må vi bruke kvalifisert tolk.

I ein del tilfelle blir barn brukte som tolk for foreldra sine. Det er svært viktig at dette ikkje skjer på ein måte som blir tyngande for barnet. Det vil seie at barn ikkje skal vere tolk i situasjonar som gir dei informasjon som dei ikkje bør kjenne, og heller ikkje i situasjonar der dei kan kjenne ansvar for å vurdere kva som skal formidlast vidare. Eit eksempel på ein situasjon der barnet ikkje bør fungere som tolk, er møte mellom foreldre og skule eller barnehage der barnet elles ikkje ville ha delteke.

I helsearbeid er bruk av barn som tolk i behandlingssituasjonar frårådd. I enkelte samanhengar kan barn likevel vere ein ressurs i meir uformell kontakt mellom foreldra og omverda, og dette kan opplevast som positivt for alle partar.

Telefontolk

Det er også mogleg å bruke telefontolk. Det kan fungere godt, blant anna på grunn av avstanden som teknologien her skaper.

Nasjonalt tolkeregister

Nasjonalt tolkeregister er ein nyttig ressurs for å skaffe gode, kvalifiserte tolkar. Registeret er først og fremst retta mot offentleg sektor, men er tilgjengeleg for alle gjennom tolkeportalen.

Utfordringar til deg

  1. I kva for situasjonar kan det vere aktuelt å bruke tolk?
  2. Korleis går du fram når du treng tolk?
  3. Når kan barn vere tolkar, og når bør dei ikkje vere det?
  4. Kva for krav kan vi setje til ein tolk?
  5. Kva er telefontolking?
  6. Gjer deg kjend med tolkeportalen.
  7. Korleis kan vi gjere barn og unge trygge på tolken?

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter