Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Ulike føresetnader for utviklingChevronRight
  5. Møt nokre menneske med nedsett funksjonsevneChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Møt nokre menneske med nedsett funksjonsevne

I filmane møter du menneske med nedsett funksjonsevne. Sjå filmane og gjør oppgåvene til kvar film.

  1. Sjå filmen Per Olav prøver seg som blind.

    • Skriv eit samandrag frå filmen.
    • Kva fortel filmen om korleis det er for blinde å delta i gymtimane?
    • Jenta på filmen seier noko om kva ho trur er forskjellen på å vere fødd blind og det å bli blind seinare. Kva seier ho?
    • Spør gymlæraren din om du kan få prøve nokre av dei øvingane du ser her. Kva erfaringar gjer du deg?
    • Kvifor er det ekstra viktig for blinde å stole på andre?
    • Kva lærer du om auget og det å vere blind ved å sjå filmen?
    • Kva vil det seie dersom ein person er fargeblind?
    • Kva er punktskrift?
  2. Sjå filmen Møt Katry som har cerebral parese

    • Kva er CP?
    • Skildre korleis Katry Skarddal har brukt ressursane sine på ein positiv måte.
    • Kva hjelpemiddel ser/høyrer du om?
    • Katry fortel at det sosiale er det aller viktigaste. Kor viktig er det sosiale for deg?
  3. Sjå filmen Tilrettelegging for lærling med hørselshemning

    • Kva fortel filmen om behovet for at tolkar kan faguttrykk?
    • Kor viktig trur du tolken er?
    • Kva må kollegaen tenkje på når han bruker tolken?
  4. Sjå filmen Tilrettelegging i klasserommet for elev med hørselshemning

    • Her høyrer du om ei oppfinning som gjer det mogleg for guten å høyre - forklar kva dette er.
    • Korleis tilrettelegg læraren/skulen for opplæringa her?
    • Kva fortel foreldra om dei vala dei har teke?
    • Her høyrer du om kommuneøkonomi og at tilrettelegging kostar pengar; kva tankar gjer du deg om dette?
  5. Sjå filmen Å se muligheter når du er bevegelseshemmet

    Diskuter innhaldet i denne filmen med utgangspunkt i:
    • kven kan bli alvorleg skadd?
    • det å sjå sjansane i det livet ein har.
  6. Sjå filmen Bare Marte

    • Kvifor trur du det har vore viktig for Marte å lage denne filmen?
    Diskuter i klassen kva som er bodskapen hennar.
    • Kva er det i livet til Marte som påverkar livskvaliteten hennar?
    Diskuter i klassen!
    • Kva fortel filmen deg om kva sjansar menneske har?

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter