Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Ulike føresetnader for utviklingChevronRight
  5. Kommunikasjon og nedsett funksjonsevneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kommunikasjon og nedsett funksjonsevne

Dersom du skal jobbe med eller saman med menneske som har spesielle problem knytte til kommunikasjon, må du skaffe deg informasjon om dei problema vedkommande har, slik at de kan kommunisere så godt som mogleg.

En gutt i rullestol heies fra av en dama. tegning.

Nokre av filmane på denne sida handlar om eldre, men dei inneheld mykje som er viktig også for kommunikasjonen med menneske i andre aldersgrupper.

  1. Sjå filmen Kommunikasjon i kassa

    • Kva fortel denne filmen om
      • kva guten tenkte før han fekk jobb
      • kva for hjelpemiddel som kan gjere jobben lettare
      • kva som er mogleg for døve i arbeidslivet
    • Kvifor er det viktig at også menneske med nedsett funksjonsevne får ta del i arbeidslivet?
    • Kva krev det av arbeidstakaren dersom han eller ho skal få jobb?
    • Kva for innstilling må arbeidstakaren ha når han eller ho har nedsett funksjonsevne eller er døv?
    • Prøv dykk i rollespel der éin er døv og den andre ikkje er det. Før ein samtale om noko de er opptekne av.
  2. Sjå filmen Sansehage

    • Kva har songar som du lærte i barndommen, å seie for livet ditt seinare – til dømes dersom du blir dement?
    • Kan noko av det du ser i denne filmen, overførast til arbeidet med barn og unge?
    • Korleis verkar fysisk aktivitet her? Gjeld dette også i andre samanhengar?
    • Korleis kan du bruke ein sansehage i arbeidet med barn og unge, både dei med og utan nedsett funksjonsevne?
    • Forklar omgrepet «helsefremjande».
    • Kva har meistring å seie?
  3. Sjå filmen Musikkterapi

    • I denne filmen møter du vaksne personar som har musikkterapi. Trur du delar av dette også kan brukast overfor barn og unge?
    • Korleis kan du bruke musikk når du jobbar med barn og rørsler?
    • Korleis kan musikk brukast i arbeid med autistar og menneske med psykiske problem?
    • Korleis kan songar og musikk som ein lærte og likte då ein var barn eller ungdom, ha betydning når ein blir eldre?
    • Korleis kan du bruke musikk i arbeidet med barn og unge?
    • Ei av damene her seier at musikk er bra for humøret. Finn ut kva barn meiner om dette.
    • Korleis trur du at musikk kan brukast som ein nøkkel til meistring også blant barn og unge?
  4. Sjå filmen Per Olav prøver seg som blind

    • Skriv eit samandrag frå filmen.
    • Kva fortel filmen om korleis det er for blinde å delta i gymtimane?
    • Jenta på filmen seier noko om kva ho trur er forskjellen på å vere fødd blind og det å bli blind seinare. Kva seier ho?
    • Spør gymlæraren din om du kan få prøve nokre av dei øvingane du ser her. Kva erfaringar gjer du deg?
    • Kvifor er det ekstra viktig for blinde å stole på andre?
    • Kva lærer du om auget og det å vere blind ved å sjå filmen?
    • Kva vil det seie dersom ein person er fargeblind?
    • Kva er punktskrift?
  5. Sjå filmen Tegn til tale

    • Kva er teikn til tale?
    • Kvifor blir teikn til tale brukt?
    • Søk på nettet og sjå kva du kan finne om teikn til tale.
    • Kva er lommeteikn?
    • Kva krev bruken av teikn til tale av deg som barne- og ungdomsarbeidar?
    • Kvifor er det viktig at alle barn får uttrykkje seg?
  6. Sjå filmen Tilrettelegging for lærling med hørselshemning

    • Kva fortel filmen om behovet for at tolkar kan faguttrykk?
    • Kor viktig trur du tolken er?
    • Kva må kollegaen tenkje på når han bruker tolken?
  7. Sjå filmen Forsinket språkutvikling

    • Korleis kan du vite at eit barn har eit språkproblem?
    • Kva for ein grov hovudregel kan det vere lurt å ha i bakhovudet når ein vurderer språket til barna ved 2- og 3-årsalderen?
    • Kva er spesifikke språkproblem?
    • Kvifor er det viktig å få hjelp så tidleg som mogleg når barn har språkproblem?
    • Kva er eit språkbad?
  8. Sjå filmen Tilrettelegging i klasserommet for elev med hørselshemning

    • Her høyrer du om ei oppfinning som gjer det mogleg for guten å høyre - forklar kva dette er.
    • Korleis tilrettelegg læraren/ skulen for opplæringa her?
    • Kva fortel foreldra om dei vala dei har teke?
    • Her høyrer du om kommuneøkonomi og at tilrettelegging kostar pengar; kva tankar gjer du deg om dette?

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter