Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Grunnleggjande behovChevronRight
  5. BehovChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Behov

Ordet behov viser til noko vi treng. Mat og drikke er livsnødvendige og veldig viktige for veksten og utviklinga av mennesket. Dei er døme på grunnleggjande behov som der er viktig å få dekka. Andre behov er mindre viktig.

Gjespande baby. Foto.

Det finst ei mengd ulike måtar å forklare behov på. Eit døme kan vere at når vi er svoltne, treng vi mat elles blir vi slappe og uopplagde. Eit anna døme kan vere at ein liten baby treng å sove mykje for å greie å ta inn alle nye lydar og inntrykk. Dei ulike behova kan oppstå til forskjellige tider på dagen, men det som kjenneteiknar dei, er at vi treng dei.

Maslows behovspyramide

Abraham Maslow var ein amerikansk psykolog som er mest kjend for teorien sin om dei grunnleggjande behova til mennesket. Han meinte at behova må oppfyllast nedanfrå i pyramiden. Når dei fysiske behova er dekte, byrjar vi å søkje mot andre behov, og vi vert motiverte til å få desse dekt.

Maslows behovspyramide med ulike bakgrunner. Illustrasjon.

Maslow delte dei grunnleggjande behova inn i fem hovudgrupper:

  1. fysiske behov
  2. behov for tryggleik
  3. sosiale behov
  4. behov for vørnad
  5. behov for sjølvrealisering

Utfordringar til deg

Maslows behovspyramide

  1. For betre å kunne forstå kva Maslow meinte med behovspyramiden kan du prøve å tenkje på dine eigne behov.
    Kva skjer til dømes med humøret ditt eller energien din viss du er veldig svolten eller trøytt? Kor opplagt er du da til å vere saman med venner? Eller korleis er sjansane dine til å yte noko i gymmen? Tenk igjennom kva som påverkar kroppen din, og kva som må til for at du skal føle deg tilfreds. Kva for behov må vere dekte hos deg for at du skal kunne klatre i Maslows behovspyramide?
  2. Teikn og forklar Maslows behovspyramide.
  3. Kva er eit behov?
  4. Lag ei liste over behova dine. Tenk deg at du skal vere eit år på ei øyde øy. Kva må du ha tilgang til eller ha med deg til øya? Del behova dine i tre grupper: livsnaudsynte, naudsynte og slikt eg berre må ha. Kor i Maslows behovspyramide vil du plassere dei ulike behova du har?
  5. Mange vil seie at dei må ha mobiltelfon og datamaskin. Dette er behov som ikkje fanst for 50 år sidan. Korleis har desse behova oppstått?
  6. Tenk deg at du skal byrje på ein ny arbeidsplass. Bruk Maslow til å forklare kva for behov du har i samband med arbeid.
Ung mann speiler seg

Læringsressursar

Grunnleggjande behov

SubjectEmne

Fagstoff