Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Behov og utvikling

    Å få dekt dei grunnleggande behova våre er sentralt for normal utvikling og god helse. I arbeid med menneske må du kjenne til korleis vi utviklar oss, og korleis vi blir forma av det livet vi lever. Både fysisk, psykisk, kjenslemessig og språkleg utvikling er område som endrar seg gjennom livet.

    Grunnleggande behov

    Når vi varetek grunnleggande behov på ein god måte, er vi med på framme god helse. I dette emnet får du kunnskap om dei grunnleggande behova våre og moglegheit til å reflektere over korleis du kan vareta behova til deg sjølv og andre.