Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Menneskekroppen

    Det er viktig å ha kunnskapar om menneskekroppen når du skal jobbe innan helse - og oppvekstsektoren. Det blir forventa at du som fagarbeidar har god kjennskap til både korleis kroppen er bygd opp, og om funksjonen til dei ulike organsystema.

    Cella

    Alle levande organismar består av ei eller fleire celler. Dei fleste celler inneheld arvestoff (DNA) som fortel kva dei skal gjere. Alle celler har avgrensa levetid. Gjennom celledeling blir det danna nye celler slik at arvestoffet blir ført vidare til neste generasjon celler.