1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. MenneskekroppenChevronRight
  4. Dei ulike systema i kroppenChevronRight
  5. HormonChevronRight
  6. Hormon og livsstilChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hormon og livsstil

Dei fleste ønskjer å sjå sunne ut, gjerne brune og godt trena. Det finst mange enkle løysingar for å oppfylle desse ønska, og ei av dei er å ta hormontilskot. I tillegg til dei hormona vi kan velje å ta, får vi òg i oss hormon utan at vi veit det. Dette heng saman med at vi ikkje ønskjer å kjøpe mat og kosmetikk som går ut på dato etter berre nokre få dagar. Har desse hormona nokon innverknad på helsa vår?

Kroppsbygger

Kunstige hormon og hormonhermarar

Kroppen vår produserer sine eigne hormon, og hypotalamus sørgjer for at den naturlege hormonelle balansen held seg ved like. I tillegg blir kroppen vår påverka av kunstige hormon og (hormonhermarar) som blir produserte og brukte av oss menneske. Desse kjemiske sambindingane fester seg til reseptorane i cellene og kan føre til forstyrringar i hormonbalansen. Dei siste tiåra har vi blitt klar over at desse bindingane kan vere skadelege for menneskekroppen og andre organismar.

Kroppsfiksering og bruk av hormon

Gutt som spenner muskler og måler med målbånd.

Den store merksemda som blir retta mot kropp og utsjånad, har gjort det freistande for somme å ta i bruk kunstige hormon for å oppnå idealkroppen. Fleire og fleire tyr derfor til ulike medikament og preparat som inneheld hormonhermarar. Eit eksempel er melanotan (”Barbie-dop”), eit syntetisk hormon som blir sprøytt inn i kroppen, og som gjer deg brun og slank. Hormonet kan dessutan gi auka sexlyst. Ein har ikkje full oversikt over korttids- og langtidsverknader av stoffet, og ein åtvarar derfor mot bruken av det.

Eit anna eksempel på kunstige hormon er anabole steroid. Desse blir brukte for å gi betre uthald og styrke og å auke muskelmassen. Anabole steroider oppfører seg som testosteron, som er det viktigaste mannlege kjønnshormonet i kroppen. Bruken av anabole steroid er mest utbreidd utanom den organiserte idretten.. Anabole steroid gir ei rekkje helseproblem. Biverknadene omfattar alt frå kviser, dårleg ande, utvikling av bryst hos menn, sterilitet, aggresjon og vekstforstyrringar hos ungdom til meir alvorlege problem som hjerneslag, hjerteinfarkt og leversvikt/-kreft.

Hormonhermarar i kvardagen vår

Vi produserer ein del kjemiske bindingar som skal lette kvardagen vår, og mange av desse stoffa inneheld hormonhermarar. Dette kan for eksempel vere bromerte flammehemjarar (BFH) som har brannhemjande effekt på kunstige stoff og for eksempel blir brukte i nokre klede. Bromerte flammehemjarar kan føre til leversvikt og påverke nervesystemet og reproduksjonsevna.

Paraben er ei anna gruppe hormonhermarar som blir brukte som konserveringsmiddel i kosmetikk, mat og medisinar. Ein mistenkjer at ftalat, dioksin og PCB har ein hormonforstyrrande effekt. Forstyrringane er ikkje fullstendig klarlagde hos mennesket, men det er ein sterk mistanke om at stoffa fører til lågare pubertetsalder, redusert fruktbarheit, enkelte kreftformer, avvikande kjønnsutvikling og redusert læreevne. Bruken av mange av desse stoffa er derfor strengt regulert av styresmaktene, og ytterlegare regulering blir vurdert heile tida.

Isbjørn som spiser sel
Konsentrasjonen av miljøgifter blir høgare dess lenger opp i næringskjeda ein kjem.

Hormonhermande bindingar lekkjer ut i naturen frå industrien, sprøytemiddel, hushald og avfallsplassar via avløpsvatn. Desse stoffa endar opp i elvar, innsjøar, grunnvatn og i havet, og organismar som lever i vatn, er derfor svært utsette for hormonforstyrringar trass i at dei kan vere langt unna forureiningskjelda. Sjølv om konsentrasjonen i vatnet er låg, vil hormonhermarane hope seg opp i feittvevet til organismen. Dyr som et dyr med hormonhermarar i seg, vil få ein høgare konsentrasjon av miljøgifter enn kva det enkelte byttedyret hadde tidlegare.

Sjukdommar

Diabetes type 2 er ein sjukdom der hormonbalansen i kroppen blir forstyrra på grunn av livsstilen vår. Usunt kosthald med mykje sukker og feitt kombinert med lite mosjon fører til at stadig fleire menneske får diabetes type 2. Tidlegare blei sjukdommen kalla aldersdiabetes fordi han helst ramma eldre menneske, men på grunn av livsstilsendringar er det no fleire yngre menneske som òg får han.

Diabetes type 2 kjem hovudsakeleg av at hormonet insulin ikkje har den verknaden det skal ha. Insulin bind seg dårlegare til insulinreseptorane, og cellene blir mindre følsame for insulinet slik at dei ikkje tek opp glukose, og blodsukkerkonsentrasjonen blir for høg. Dette er likevel ein sjukdom som kan behandlast ved å endre livsstil. Ein reduksjon av sukkerinntaket, meir mosjon i tillegg til vektreduksjon hos overvektige kan gjenopprette normal insulinverknad.

Læringsressursar

Hormon

SubjectEmne

Fagstoff