Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Menneskekroppen

    Det er viktig å ha kunnskapar om menneskekroppen når du skal jobbe innan helse - og oppvekstsektoren. Det blir forventa at du som fagarbeidar har god kjennskap til både korleis kroppen er bygd opp, og om funksjonen til dei ulike organsystema.

    Fordøyingssystemet

    Fordøyinga er namnet på prosessen som skjer med maten frå han kjem inn i munnen. Hensikta med fordøyinga er å få delt opp maten i så små delar at dei kan takast opp gjennom tarmveggen og kome over i blodet. Det som ikkje let seg dele opp, held fram rett igjennom og kjem ut som avføring.