1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. MenneskekroppenChevronRight
  4. Dei ulike systema i kroppenChevronRight
  5. NervesystemetChevronRight
  6. SentralnervesystemetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sentralnervesystemet

Hjernen er hovudorganet i sentralnervesystemet. Ingen andre organismar på jorda har så velutvikla og avansert hjerne som menneska. Han har ei uendeleg mengd med nerveceller som kan formidle millionvis av nerveimpulsar kvart sekund. Hjernen styrer både logiske og kreative tankar og reaksjonar, men framleis er det mykje av hjernen sin verkemåte vi ikkje kjenner til.

Kva er sentralnervesystemet?

Sentralnervesystemet består av hjernen og ryggmergen. Hjernen er det mest komplekse organet i kroppen og kontrollerer resten av nervesystemet.

Hjernen har om lag 1000 milliardar hjerneceller, der 100 milliardar er nerveceller og 900 milliardar er gliaceller (hjelpeceller). Kvar nervecelle kan ha opptil 20 000 dendrittar som koplar cella til andre nerveceller.

Hjernen ligg i hjerneskallen og er beskytta av kraniet og fleire hinner. Han får informasjon frå sansane våre. Hjernen består av ein høgre og ein venstre hjernehalvdel, som kvar for seg styrer ulike aktivitetar i kroppen, men som òg samarbeider. Les meir om dette her:


Dei enkelte delane av hjernen har forskjellige funksjonar. Grovt sett deler vi hjernen inn i storhjernen, mellomhjernen, veslehjernen og hjernestammen.

Storhjernen (cortex)

Storhjernen ligg øvst og utgjer størstedelen av hjernen. Han er delt i høgre og venstre hjernehalvdel. Hjerneborken ligg omkring dei to halvdelane. I storhjernen finn vi fire dominerande område med kvar sine hovudoppgåver:

  • panneborken (problemløysing, viljestyrke og planlegging)
  • tinninglappen (tek imot og tolkar sanseinntrykk)
  • bakhovudlappen (synssenter)
  • isselappen (høyrsle- og språksenter)

Det er i storhjernen vi gjer vurderingar, trekkjer slutningar og tenkjer logisk. Her planlegg vi, les, bereknar, løyser problem og legg langsiktige planar. Det er òg her dei kreative og kunstnarlege evnene våre ligg.

Mellomhjernen

Mellomhjernen består av , og og ligg midt i hjernen som ein krage omkring hjernestammen. Mellomhjernen blir av og til kalla «pattedyrhjernen» fordi han liknar hjernen til andre varmblodige pattedyr. Mellomhjernen styrer sosiale relasjonar, hormonreguleringa, seksuelle kjensler, dømmekrafta, verdikjensler og langtidsminnet.

Veslehjernen og hjernestammen

Veslehjernen og hjernestammen blir av og til kalla «reptilhjernen» fordi han liknar hjernen vi finn hos krypdyr. Denne delen av hjernen styrer livsviktige, ikkje viljestyrte, instinktive funksjonar som pust og hjarterytme.

Veslehjernen styrer òg automatiske refleksar som trer i kraft når vi blir stressa, føler oss truga, hjelpelause eller kjenslemessig overbelasta. Då blir automatiske forsvarsreaksjonar som hjelper oss, aktiverte. Når dette skjer, overstyrer veslehjernen og hjernestammen resten av hjernen. Evna til å lære vil i slike situasjonar ikkje vere til stades. Veslehjernen har òg ei viktig oppgåve med å koordinere rørslene våre.

Ryggmergen

Tverrsnitt av ryggmargen: gult felt innerst og hvitt felt ytterst.
Tverrsnitt av ryggmergen.

Sentralnervesystemet og det perifere nervesystemet er kopla saman i ryggmergen. Ei snor av samanfletta nervetrådar går frå hjernen ned gjennom ryggmergen og er beskytta av ryggvirvlane. Frå kvar enkelt ryggvirvel forgreinar nervebuntar seg til ulike delar av kroppen. Ryggmergen styrer òg ein del av dei livsviktige refleksreaksjonane til kroppen.

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Nervesystemet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter