1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. MenneskekroppenChevronRight
  4. Dei ulike systema i kroppenChevronRight
  5. NervesystemetChevronRight
  6. NervesystemetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nervesystemet

For at kroppen vår skal fungere, må signal bli formidla mellom cellene i dei ulike organa og organsystema. Vi bruker to ulike kommunikasjonssystem, nervesystemet og hormonsystemet, som til saman utfyller kvarandre. I nervesystemet blir elektriske signal formidla i nerveceller.

Nervesystemet

Nervesystemet består av to hovuddelar: sentralnervesystemet med hjerne og ryggmerg og det perifere nervesystemet som er nervar ute i kroppen. Ein ”nerve” er forenkla sagt buntar av nerveceller. I tillegg til nervar og nerveceller har nervesystemet mange hjelpeceller som blir kalla gliaceller. Faktisk finst det meir enn ti gongar så mange hjelpeceller som nerveceller.

Nerveceller

Ei nervecelle har ein cellekropp med organellar slik du kjenner frå andre kroppsceller. Cellekroppen er liten, oftast mindre enn 0,1 mm i diameter. Nervecellene skil seg frå andre kroppsceller ved at dei kommuniserer med kvarandre og med andre celler i kroppen gjennom synapsar. Nervecellene er ein del av eit nettverk og kan dermed halde kontakt med mange andre celler.

Nervecelle med navn på ulike deler. Illustrasjon.
Skjematisk teikning av ei nervecelle.

Nervecellene kan ha svært ulik form, men frå cellekroppen går det opptil 20 korte, meir eller mindre forgreina utløparar som blir kalla dendrittar. Dendrittane bind nervecellene saman med kvarandre og formidlar nervesignal. Nervecella har ein lang utløpar som blir kalla eit akson. Aksonet bind nervecellene saman med andre nerveceller eller med kroppsceller, som muskelceller. Kvart akson kan ha fleire tusen synapsar. Nervecellene er ein del av eit nettverk og kan dermed halde kontakt med mange andre celler. Aksonet kan vere opp til ein meter langt, men er ofte mykje kortare. Når mange akson går saman, blir dei kalla ”ein nerve”.

Gliaceller

I nervesystemet er det ti gongar fleire gliaceller enn nerveceller. Gliacellene er små samanlikna med nervecellene. Lenge blei gliacellene sette på primært som støttevevsceller, men i dag veit vi at dei utfører mange hjelpefunksjonar og skal mellom anna sørgje for at nervecellene får nok næring. Nokre av gliacellene sluttar kring aksonet med mange lag mansjettar av myelin. Myelin består hovudsakleg av feittstoff og er årsaka til den kvite fargen på den kvite substansen til sentralnervesystemet.

Oligodendrogliaceller myeliniserer nervar i hjerne og ryggmerg, mens ein annan type gliaceller som blir kalla Schwann-celler, myeliniserer akson i det perifere nervesystemet. Når aksonet blir isolert av myelin, aukar effekten av signaloverføringa betydeleg. Ved sjukdommen multippel sklerose blir myelinet og/eller prosessen som dannar myelin, skadd (med det resultatet at signaloverføringa blir forstyrra).

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter