1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. MenneskekroppenChevronRight
  4. Dei ulike systema i kroppenChevronRight
  5. Cellene hos menneskerChevronRight
  6. Bakteriar og andre mikroorganismarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bakteriar og andre mikroorganismar

Mikroorganismar, som og vert kalla mikrobar, finst overalt. Som organismar er dei veldig forskjellige både av utsjånad og levesett. Det einaste dei har felles, er at dei er små.

Forsker med avansert mikroskop. Foto.

Mikroorganismar har viktige og nyttige funksjonar i naturen. På og i kroppen finst mikroorgansmar som held oss friske og sunne. Men mange mikroorganismar gjer oss sjuke.

Evna ein mikroorganisme har til å gjere oss sjuke, kallast virulens.

Bakterier

Bakteriar er levande, eincella organismar. Nokre døme på bakteriar er:

E. coli: Kolibakteriar finst i tjukktarmen både hos mennesket og hos andre pattedyr. Normalt er dei ikke farlege, men til nytte fordi dei produserer K-vitamin, som kroppen tek opp.

Melkesyrebakterier: Det finst mange typar mjølkesyrebakteriar, og dei gjer sjølvsagt sitt til at mjølk vert sur! I produksjon av sure mjølkeprodukt nyttar vi oss av utvalgde bakteriar som gir oss kulturmjølk og jogurt.

Forråtnelsesbakterier: Desse bakteriane er viktige for kretsløpa i naturen. Dei bryt ned døde dyre- og planterestar til luft, jord og vatn. Dette nyttar vi oss av når vi handterer matavfallet vårt, til dømes gjennom kompostering.

Salmonella: Salmonella er ein sjukdomsframkallande bakterie som vi kan få i oss gjennom mat. Ein salmonellainfeksjon kan vere farleg, særlig for menneske med svak allmenntilstand.

Anthrax: Dette er bakteriar som fører til miltbrann - ein sjukdom som er svært farleg for både menneske og dyr.

Streptokokker: Dette er eit samlenamn på bakteriar som blant anna fører til lungebetennelse og hjernehinnebetennelse

Dette bør du vite om bakterier.

  • Bakteriar er enkle eincella organismar. Dei er små og kan ikkje sjåast med berre auget. Vi kan sjå bakteriar i eit mikroskop.
  • Bakteriar er levande og tek til seg næring og forplantar seg.
  • Bakteriar forplantar seg ved å dele seg i to. Dei to "nye" bakteriane er identiske.
  • Bakteriar har eitt kromosom, men kan ha ekstra arvestoffbitar som kallast plasmid.
  • Bakteriar har cellevegg, og dei kan kapsle seg inn slik at dei toler både tørke, varme og åtak frå andre celler.
  • Temperaturen avgjer kor raskt bakteriar deler seg. Viss tilhøva er gunstige, kan ein bakterie dele seg kvart 20. minutt. Kan du rekne ut kor mange vi får etter eit døgn?
  • Dei fleste bakteriane er nyttige for oss, men nokre er patogene. Patogen betyr sjukdomsframkallande.
  • Nokre bakteriar produserer giftstoff.
  • Bakteriar har ulik utsjånad. Nokre er runde som kuler, nokre er stavforma, og nokre er spiralforma. Nokre har ein flagell som gjer det mogleg for dei å røre seg. Utsjånaden til ein bakterie kan hjelpe oss til å finne ut kva for ein type bakterie vi har med å gjere.
  • Vi deler bakteriane i to grupper: Gram-positive og Gram-negative. Desse gruppene får ulik farge dersom ein tilset eit bestemt fargestoff. Denne eigenskapen vert og bruka for å avgjere kva for ein type bakteriar vi har med å gjere.
  • Sidan bakteriar er levande, kan vi bruke antibiotika for å kjempe mot dei. Nokre gonger vert bakteriar motstandsføre mot visse typar antibiotika. Vi seier at dei er resistente.
indre og ytre struktur hos bakterie. ilustrasjon.

Virus

Virus vert ofte nemnt i samanheng med mikroorganismar, sjølv om virus i seg sjølv ikkje er levande. Virus er ein liten pakke med arvestoff, DNA, som er pakka inn i protein. Likevel kan virus gjere oss sjuke ved at dei trengjer inn i cellene i kroppen og brukar organellane til cella til å formere seg.

Dette bør du vite om virus:

  • Virus er ikkje levande organismar. Dei kan korkje ta til seg næring eller forplante seg på eiga hand.
  • Eit virus er litt arvestoff som er pakka inn i protein.
  • For at eit virus skal få til å forplante seg, må det trengje inn i ei levande celle.
  • Når viruset har kome inn i ei celle, tek virusarvestoffet over kontrollen i cella, og ho byrjar å produsere kopiar av viruset.
  • Det finst mange typar virus. Nokre er årsak til sjukdom hos menneske. Andre fører til sjukdom hos dyr og plantar.
  • Vanlege sjukdommar som forkjøling og influensa kjem av virus.
  • Sidan virus ikkje er levande, kan vi ikkje bruke antibiotika for å behandle sjukdom som kjem av virus.
  • Det finst medisinar som verkar mot virusinfeksjonar. Virus kan verte resistente mot desse.
Virus med overflateprotein, kjerne, kromosom, kappe og millimetermål.Illustrasjon.

Andre typar mikroorganismar

Sopp: Dei fleste soppane er mikroskopiske. Ei viktig gruppe er muggsoppane. Desse øydelegg matvarer. Nokre soppar har vi derimot nytte av, til dømes gjærsopp som vert bruka til heving av bakverk. Nokre soppar kan og gjere oss sjuke, til dømes ved infeksjonar i underlivet.

Dette bør du vite om sopp.

  • Sopp er levande organismar. Dei kan ta til seg næring og forplante seg.
  • Mange soppar er eincella, men dei kan danne koloniar.
  • Soppen som du kan plukke i skogen, er frukta på ein stor sopp som lever nedi jorda. Vi kan samanlikne han med eplet på epletreet.
  • Mugg på matvarer er soppar. Det finst mange artar. Nokre produserer stoff som er giftige eller kreftframkallande. Matvarer som er det mugg på, bør derfor ikkje etast.
  • Sopp er forskjellig frå plantar, dyr og bakteriar. Soppceller har cellevegg, og dei forplantar seg ved knoppskyting.
  • Legemiddel som verkar mot soppinfeksjonar, går til åtak på celleveggen eller cellemembranen hos soppen.
  • Det finst ca 200 soppar som kan føre til sjukdom hos menneske. Sopp som går til åtak på hud og negler og slimhinner i munn og underliv, gir ubehag, men er sjeldan farlege.
  • Nokre soppar trengjer inn i kroppen og går til åtak på indre organ. Desse soppane kan produsere stoff som framkallar allergi eller forgiftingar.
  • Soppinfeksjonar vert og kalla mykosar.
  • Sopp kan utvikle resistens mot soppmiddel.
Bildet viser muggsopp.Foto.
Muggsopp

Sporedyr: Desse forårsaker blant annet malaria.

Algar: Dei fleste algar er mikroskopiske. Nokre algar kan indirekte føre til sjukdom hos menneske, til dømes når dei er årsak til gift i blåskjel.

Læringsressursar

Cellene hos mennesker

SubjectEmne

Fagstoff