Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. MenneskekroppenChevronRight
  4. Dei ulike systema i kroppenChevronRight
  5. Menneskekroppen - ei oversiktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Menneskekroppen - ei oversikt

For å hjelpe både andre og deg sjølv med å halde ved lag ei god fysisk helse, må du vite noko om menneskekroppen. Her kan du lese om korleis han er bygd opp og fungerer når vi er friske. Du kan og lese om livsstilssjukdommar – kva det er, og korleis du kan førebyggje dei.

Ungdommer som leker i vannet. Foto.

Menneskekroppen handlar om desse tema:

  • Celler og vev
  • Fordøyinga
  • Hormon
  • Huda
  • Rørsleapparatet
  • Respirasjonsorgana
  • Sirkulasjon
  • Kroppen sitt forsvar
«Nøkkelen til kroppsdelane si store rørsleevne ligg i den harmonien og balansen som eksisterer mellom dei mange ulike delane, og i den sinnrike måten dei er sette saman på.»
Systemene i menneskekroppen. Grafikk.

Tenk over

I menneskekroppen finn vi ulike system som verkar saman.

  1. Lag eit tankekart for kvart av systema. Kva har du lært om dei på ungdomsskolen? (Ta fram tankekarta igjen etter at du er ferdig med fagstoffet. Kva nytt har du lært?)
  2. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om dette fagstoffet?
  3. Diskuter og lag ein plan for korleis du vil jobbe med desse temaa. Du kan lage ein plan saman med klassen eller ein eigen plan for deg sjølv.
  4. Lag ein tekst eller eit rollespel ut frå eitt eller fleire av systema..
  5. Forklar med eigne ord kva sitatet over betyr.

Læringsressursar

Dei ulike systema i kroppen

SubjectEmne

Fagstoff