Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. MenneskekroppenChevronRight
  4. Dei ulike systema i kroppenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Dei ulike systema i kroppen

Du skal vite korleis menneskekroppen er bygd opp og fungerer. Dei ulike systema og organa skal du ha gode kunnskapar om som fagarbeidar. I jobben din vil du møte både det friske og det sjuke mennesket når du skal gi profesjonell omsorg.

Systemer i menneskekroppen. Illustrasjon.

Menneskekroppen er bygd opp på same måte som pattedyr, med celler og vev, men skil seg ut ved å ha oppreist gange. Dei ulike systema i kroppen har kvar si oppgåve for å sørgje for at kroppen kan fungere optimalt kvar dag. Sjukdom i eit organ kan føre til tap av ein funksjon eller akutt sjukdom. I arbeid i helse-, oppvekst- og sosialsektoren skal du kjenne til det friske mennesket, men også kjenne til symptom på sjukdom. Vidare i utdanninga di vil du lære meir om sjukdommar, og på arbeidsplassen må du setje deg inn i enkeltmennesket si historie. I naturfagtimane vil du også lære mykje om dei ulike systema på ein måte som handlar om kjemi og fysiologi.

Menneskekroppen handlar om desse temaa:

  • Celler og vev
  • Fordøyinga
  • Hormon
  • Huda
  • Rørsleapparatet
  • Respirasjonsorgana
  • Sirkulasjonssystemet
  • Nervesystemet
  • Forsvaret i kroppen

Emner

Dei ulike systema i kroppen

  • Cellene hos mennesker

    Alle levende organismer er bygget opp av celler. En celle er den minste biologiske enheten med metabolisme.

  • Fordøyinga

    Fordøyinga tar til allerie i munnen. Fordøyingssystemet omfattar fleire organ som maten passerer igjennom.

  • Hormon

    Hormon er kjemiske stoff som kroppen bruker for å sende meldingar frå ein stad til ein annan. Saman med nervesystemet syter hormonsystemet for at ting skjer der dei skal – når dei skal. Slik blir funksjonane i kroppen regulerte.

  • Huda

    Huda er eit av dei største organa våre. Ei sunn og velpleidd hud er mellom anna viktig for å verne mot ytre påverknader frå sol, vind og dagleg arbeid.

  • Bevegelsesapparatet

    Bevegelsesapparatet, muskel og skjelettsystemet består av 206 knokler og over 600 muskler.

  • Lungene og pusten

    Det sentrale organet i åndedrettsystemet er lungene. De to lungene våre har viktige oppgaver i kroppen er avgjørende for stoffskiftet.

  • Sirkulasjonssystemet

    Sirkulasjonssystemet er det systemet som lar blodet sirkulere i kroppen. Det består av blod, blodårer og hjertet og er nært koblet til åndedrettsystemet.

  • Nervesystemet

    Nervesystemet har som oppgåve å styre åtferda til kroppen gjennom sin kontroll over musklar og kjertlar.

  • Kroppens forsvar

    Immunforsvaret, immunsystemet er kroppens forsvar mot fremmede stoffer som kan gjøre oss syke. Vi har et indre og et ytre forsvar.

Læringsressursar

Dei ulike systema i kroppen

SubjectEmne

Fagstoff