Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Kvifor ulike kulturar?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor ulike kulturar?

Kvifor tenkjer ikkje alle likt? Kvifor handlar vi ulikt i same situasjon? Kvifor har vi ikkje dei same draumane, ideala og rituala? Kvifor oppfattar vi rett og gale ulikt?

Mann med tatovering heklar. Foto.

Tenk over

  • Kvifor er kyrne heilage i éin kultur, mens menneske i andre ser på ein slik tanke som tåpeleg?
  • Kvifor er det tillate for ein mann å ha fleire koner i somme kulturar, mens det er straffbart i andre?
  • Kvifor er idealet at vi skal gifte oss av kjærleik i somme kulturar, mens arrangerte ekteskap er vanleg i andre?
  • Kvifor er det for somme menneske så viktig å bli rik, mens verdslege gode er utan verdi for andre?
  • Kvifor meiner somme at det er synd å danse, mens andre meiner at dans er sunn livsutfalding – til og med til Guds ære?
  • Kvifor er partnarskap mellom homofile lovleg i ein del kulturar, mens homofili i praksis vil seie dødsstraff i andre?
  • Kvifor er skilsmisse forbode blant nokre menneske, men nokså enkelt å få til i andre samfunn?
Et jødisk brurepar under ein baldakin og ein rabbiner som held opp eit glas vin. Foto.

Mykje er forskjellig og mykje er felles

Svært, svært mykje er ulikt, men mykje – kanskje det meste – har vi felles. Vi er alle menneske, som blir fødde, blir eldre og døyr. Vi må ha mat, vi må formeire oss, og utan ekstra utstyr er vi nøydde til å røre oss langs bakken. Dette er natur, ikkje kultur. Men måten vi et på, formeirar oss og forflytter oss på, er kultur.

Sosialantropologar er forskarar som undersøkjer ulike kulturar, samanliknar dei og prøver å finne grunnar til dei kulturelle skilnadene. Dei peikar også på ein del fellestrekk ved alle samfunn.

Det er ikkje mogleg å finne enkle, sikre svar på desse og tusenvis av andre spørsmål som har med kulturelle skilnader å gjere. Skikkar, seremoniar og måtar å leve på har vakse fram og utvikla seg over svært lang tid. Det er ein grunn til at det er vanskeleg å vite kvifor dei har utvikla seg og vorte som dei er.

Utfordringar til deg:

  1. Er det viktig å kjenne til kvifor vi er ulike?
  2. På kva for måtar er alle menneske like?
  3. Korleis må du som arbeidstakar innan helse, sosial og oppvekssektoren møte ulikheitar?