Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Kultur, livssyn og religionChevronRight
  4. Ulike kulturar og livssynChevronRight
  5. Utfordringar og moglegheiterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utfordringar og moglegheiter

I løpet av nokre tiår har Noreg blitt eit fleirkulturelt samfunn, og dette vil påverke den framtidige yrkesutøvinga di på fleire måtar.

Bildet viser en gruppe ungdommer som ligger på en plen. Foto.

Som arbeidstakar vil du få kollegaer med ein annan kulturbakgrunn enn deg sjølv, og du vil møte brukarar og kundar som kjem frå andre land og tilhøyrer andre kulturar enn du sjølv gjer. Som yrkesutøvar må du vere i stand til å sjå dei sjansane eit fleirkulturelt samfunn tilbyr, og du må prøve å finne løysingar på dei utfordringane det fører med seg.

Menneske som kjem frå andre kulturar, har ofte eit anna språk, andre matskikkar, bruker andre klede, og har kanskje ein annan religion enn vi har. Innvandring gir oss mange ressursar, men òg nokre utfordringar. Kulturen er viktig for identiteten vår, og han påverkar verdiane våre. Som yrkesutøvar må du ta omsyn til andre sine verdiar. Å leve i eit fleirkulturelt samfunn stiller krav til samhandling og respekt, slik at dei som har flytta til Noreg, blir integrerte i samfunnet.

Høgtider, mat og andre kulturar

Dei fleste religionane har festar, høgtider og seremoniar. For å ta hand om brukarar frå andre kulturar må du kjenne til kva markeringar dei er vande med. Kvart år lagar Antirasistisk senter ein kalender der merkedagar for mange ulike religionar og kulturar er avmerkte. Denne vil kunne vere eit godt hjelpemiddel.

Blir vi opnare?

Mange hevdar at vi blir opnare av å bu i eit fleirkulturelt Noreg ettersom vi omgåast og lærer av menneske som er opnare enn det mange nordmenn er. Vi lærer oss at vi ikkje treng å vere så reserverte mot framande menneske. I mange av yrka innan omsorg-, helse- og sosialsektoren kan vi sjå at menneske som i utgangspunktet er reserverte overfor menneske frå andre kulturar, fort lærer seg å setje pris på den jobben dei gjer, kanskje nettopp på grunn av den nærleiken og varmen dei viser når dei utøver jobben sin.

Utfordringar til deg

  1. Ta utgangspunkt i eit av bileta på sida og skriv ein tekst om kva for moglegheiter eit fleirkulturelt samfunn gir.
  2. Fyll ut ein tabell for kvar religion
    RELIGION:
    MÅNAD TRADISJON SKILDRING MATTRADISJON
    Januar
    Februar
    Mars
    April
    Mai
    Juni
    Juli
    August
    September
    Oktober
    November
    Desember

    (Kjell Arne Standal)

  3. Sjå filmen Når integrering fungerer
    – Kva tiltak har denne kommunen sett i verk for at innvandrarar skal kunne lære norsk?
    – Kvifor er språkopplæring så viktig?
    – Kan du kome med fleire idear til korleis innvandrarar kan lære norsk? Diskuter i klassen.
    – På kva måte trur du arbeidsplassen fungerer som læringsarena?
  4. Sjå filmenTypisk norsk
    Her møter du menneske som fokuserer på dei positive sidene ved det å vere innvandrar.
    – Kva for nokre fordelar peikar dei på?
    – Kor har media oppslag om positive sider ved innvandring?
    – Korleis kan du i yrket ditt vektleggje det positive ved andre kulturar?
  5. Sjå filmen Etiopisk mat
    Her blir du presentert for ein type serveringsstad som finst i Noreg i dag. Går vi 50 år tilbake, fanst det knapt ein serveringsstad som serverte anna enn tradisjonell norsk mat. Er det ein fordel at vi har fått ei rekkje ulike restaurantar, eller truar det den norske kulturen?

Læringsressursar

Ulike kulturar og livssyn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Apotek da og nå

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Hilsemåter

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Typisk norsk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Etiopisk mat

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Når integrering fungerer

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hos tannlegen på Lindeberg

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter