Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Kultur, livssyn og religionChevronRight
  4. Ulike kulturar og livssynChevronRight
  5. Det fleirkulturelle NoregChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Det fleirkulturelle Noreg

Til alle tider har menneske flytta over landegrensene. Nokre flyttar inn i eit land (innvandrar/immigrerer), andre flyttar ut (utvandrar/emigrerer). Menneske som kjem til Noreg i dag, kjem av svært ulike årsaker.

Et blått og et brunt øye. Foto.

Noreg har etter kvart vorte eit fleirkulturelt samfunn, samansett av menneske frå ei rekkje ulike kulturar. Nokre flyttar hit for å studere, jobbe eller gifte seg, mens andre har opplevd krig, svolt, fangenskap eller det å vere på flukt.

Ved å bruke Statistisk sentralbyrå (SSB) og Utlendingsdirektoratet (UDI) sine nettsider om innvandring vil du heile tida kunne halde deg oppdatert på ei rekkje fakta om innvandring til Noreg.

Sjølv om det finst ein offisiell definisjon på kva ein innvandrar er, så dekkjer han likevel ikkje den røyndommen som mange innvandrarar opplever i kvardagen sin. Nokre kjenneteikn ser ut til å vere sterkare knytte til innvandraromgrepet enn andre. Dette gjeld til dømes:

  • hudfarge - ikkje-europeisk
  • namnetradisjonar - frå Asia og Afrika
  • språkdugleikar - aksent frå Asia og Afrika
  • klesdrakt - ikkje-europeisk
  • mattradisjonar - sterkt krydra mat og ikkje-europeiske

Integrering, segregering eller assimilering

Eit land kan velje å handsame minoritetar/innvandrarar på ulike måtar. Det er vanleg å dele dei inn i tre hovudmåtar:

  • Integrering
    Tilpassing - å bli ein del av det nye samfunnet samtidig som ein tek vare på og held ved like den opprinnelege kulturen sin. Dei som er i mindretal, har same rettar og plikter som resten av innbyggjarane. Dette er norsk politikk overfor minoritetar. Barnehage og skule er viktige arenaer for å få til god integrering.
  • Segregering
    Åtskiljing - å leve åtskilt frå andre kulturelle grupper i samfunnet, som minoritet. Minoritetsgruppa har vanlegvis lite kontakt med hovudkulturen. Segregeringa kan vere tvungen eller frivillig.
  • Assimilering
    Å bli lik - som majoriteten i det samfunnet ein kjem til. Kulturen til minoriteten vert borte eller meir lik hovudkulturen.

Fagarbeidar

For den enkelte kan det vere viktig at vi bruker dei rette definisjonane, men det viktigaste for deg som fagarbeidar er at du møter alle menneske med respekt, openheit og interesse. Som profesjonell yrkesutøvar er jobben din å gje brukarar/kundar eit tilbod som dekkjer dei behova dei har, uavhengig av kulturbakgrunn.

Nokre utfordringar til deg:

  1. Gjer deg kjent med UDI sine nettsider.
  2. Gjer deg kjent med Statistisk sentralbyrå sine nettsider om innvandring.
  3. Lær deg dei definisjonane du finn i teksten på desse to nettsidene. Gå deretter saman i grupper og forklar kvarandre omgrepa. Øv til de kan alle omgrepa.
  4. Kva trur du grunnen er til at vi knyter nokre kjenneteikn sterkare til innvandraromgrepet enn andre?
  5. Ta utgangspunkt i bileta og lag ein tekst om det fleirkulturelle Noreg.
  6. Under og etter krigen vart det fødd mange barn i Noreg som hadde tysk far. Men ettersom tyskarar liknar på nordmenn, er det ikkje vanleg å kalle desse menneska for innvandrarar. Barn med pakistanske foreldre vert derimot gjerne kalla innvandrarar sjølv om dei har budd heile livet sitt i Noreg. Korleis kan du forklare dette?
  7. Tenk deg at du jobbar i ein barnehage. Kva kan du som fagarbeidar gjere for at barn og foreldre frå ulike kulturar skal føle seg integrerte?

Læringsressursar

Ulike kulturar og livssyn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Apotek da og nå

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Hilsemåter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Typisk norsk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Etiopisk mat

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Når integrering fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hos tannlegen på Lindeberg

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter