Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Kultur, livssyn og religionChevronRight
  4. Ulike kulturar og livssynChevronRight
  5. Kva vil det seie å vere norsk?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva vil det seie å vere norsk?

Å avgjere om ein person er norsk statsborgar, er forholdsvis lett. Det har vi eit regelverk som styrer. Når vi skal avgjere kven vi omtalar som nordmenn, blir vi i stor grad styrde av eigne haldningar, meiningar og kanskje endatil fordommar.

Ringeklokker med navneskilt. Foto.

Dei juridiske sidene ved statsborgarskap er viktig for den enkelte, men for mange vil haldningar i samfunnet vere like viktig.

Ifølgje Språkrådet er ein etnisk nordmann ein som bur i Noreg og hører til den gruppa nordmenn som har tradisjon for å bu i Noreg. Kor lenge ein må bu i Noreg for å reknast som nordmann, seier denne definisjonen ingenting om. (Aftenposten 5. november 2006)

Norskfødd med innvandrarforeldre

I ein del samanhengar kan du kome over omgrepet andregenerasjonsinnvandrar. Dette er eit omgrep som er på veg ut, og vi bruker derfor omgrepet norskfødd med innvandrarforeldre i teksten her.

Det å ha foreldre som er fødde i eit anna land, kan bety at ein har kulturtilknyting til to ulike kulturar. Ein pakistanar med foreldre frå Pakistan kan da omtale seg sjølv som norsk, pakistansk eller norsk-pakistansk. Ein og same person kan kanskje bruke alle desse omtalane om seg sjølv, alt etter kven han eller ho pratar med.

To menn fra forskjellige kulturer. Foto.
Både Kong Harald (t.v) og Noman Mubashir har innvandrarforeldre, men er sjølv fødde i Noreg.

Yrkesutøvar

Når du jobbar i yrke innanfor helse- og sosialsektoren, bør du vere klar over dine eigne haldningar til menneske, slik at du kan møte kvar enkelt på ein profesjonell måte.

Det kan vere lett å kome med utsegner som kan verke ekskluderande frå fellesskapen, men som profesjonell yrkesutøvar må du kommunisere på ein måte som inkluderer.

Klasserom. Foto.

Døme
I 6. klasse på skolen der du jobbar som barne- og ungdomsarbeidar, går Mohamed, som har foreldre frå Iran. Mohamed er fødd og oppvaksen i Noreg. I ein av timane seier ein av lærarane: «Kan ikkje du Mohamed fortelje frå heimlandet ditt». Læraren ønskjer å høyre noko om Iran, men måten ho seier det på, gjer at Mohamed ikkje blir opplevd som norsk.

Læringsressursar

Ulike kulturar og livssyn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Apotek da og nå

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Hilsemåter

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Typisk norsk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Etiopisk mat

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Når integrering fungerer

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hos tannlegen på Lindeberg

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter