Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Kosthald og ernæring

    Kunnskap om kosthald og ernæring er viktig for deg som skal jobbe i yrke innanfor helse- og oppvekstsektoren. Måltida er ein viktig del av kvardagen for alle aldersgrupper, og innhaldet av næringsstoff i maten og variasjon i råvarer er viktig for ei god helse.

    Næringsstoffa i maten

    Næringsstoffa er viktige for utviklinga av kroppen og for normale funksjonar. Næringsstoffa er kjemiske sambindingar eller grunnstoff, og vi skil mellom energigivande og ikkje-energigivande næringsstoff. I mat er det ei blanding av næringsstoff som gjer ulikt næringsinnhald.