Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Mat og næringsstoffChevronRight
  4. MatvaregruppeneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Smør, margarin og oljer

Smør, margarin og oljer er ein del av det norske kosthaldet. Feitt har ei rekkje viktige oppgåver og er ei viktig energikjelde for kroppen. Feitt vernar blant anna nervar og indre organ og er ein del av cellemembranen.

Matvaregruppe: smør, margarin og olje. foto.

Vi deler feitt inn i

  • metta feitt – som aukar risikoen for fleire livsstilssjukdommar
  • umetta feitt – som anten er einumetta eller fleirumetta. Dette er feitt som er bra for kroppen. Nokre av feittsyrene i denne gruppa er essensielle (for eksempel omega 3 og omega 6). Det vil seie at kroppen ikkje kan lage dei sjølv, og at vi derfor må få dei tilførde gjennom kosten.

Smør er laga av animalsk feitt (fløyte) og inneheld mykje metta feitt.
Margarin og dei fleste planteoljene inneheld umetta feitt. Margarin kan innehalde transfeitt, som er umetta feitt som er behandla for å få betre haldbarheit. Dette feittet er ikkje bra for kroppen.

Helsedirektoratet skriv:

«Helsedirektoratet anbefaler mjuk vegetabilsk margarin, flytande margarin eller smør. Det er sunnast å ete så lite som mogleg av dei produkta som inneheld mykje metta feitt. Dei produkta som blir harde når dei står i kjøleskapet, slik som meierismør og nokre typar margarin, inneheld metta feitt, medan matoljer, flytande margarinar og mjuke margarinar inneheld mindre metta feitt og meir einumetta og fleirumetta feitt.»

Smør, margarin og oljer kan brukast

  • i matretter og bakverk
  • til steiking
  • på brød
  • som dressingar
  • for å gi smak
  • i sausar

Det er viktig å merke seg at vi ikkje får i oss mindre feitt av å velje vegetabilsk margarin eller olje. Mengda av metta feitt blir likevel mindre, og du får meir einumetta og fleirumetta feitt. Skal vi redusere energiinnhaldet i kosten, må vi ete mindre feitt, for eksempel ved å kutte ut smør på brødskiva.

Utfordringar til deg

  1. Les om smør, margarin og oljer på Helsedirektoratet sine sider.
  2. Lag ei liste med forslag til korleis det er mogleg å redusere feittinnhaldet i kosten.
  3. Forklar forskjellen på metta og umetta feitt.
  4. Kva vil det seie at ei feittsyre er essensiell?
  5. Vel nokre middagsoppskrifter og prøv om de kan redusere feittinnhaldet i desse på nokon måte. Lag rettene ut frå både originaloppskrift og med redusert feittinnhald. Samanlikn næringsinnhald og smak.
  6. Kva for helsevinningar kan du få av å redusere feittinnhaldet i kosten?
  7. Fordjuping: Grei ut om transfeitt.

Læringsressursar

Matvaregruppene

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter