Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Mat og næringsstoffChevronRight
  4. MatvaregruppeneChevronRight
  5. FiskChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fisk

Fisk har alltid vore ei viktig matvare i Noreg, spesielt langs kysten. I dag et vi langt mindre fisk enn ønskjeleg, og langt mindre fisk enn kjøt.

Matvaregruppe: fisk og sjømat.foto.

Spesielt dei yngre aldersgruppene et for lite fisk.Sjømat er meir enn fisk. Krepsdyr og skjel er også sunn mat. Vi bør ete meir fisk og sjømat både som middag og som pålegg.

Vi deler fisk inn i gruppene

  • mager fisk
  • mellomfeit fisk
  • feit fisk

Frå fisk får vi

  • protein
  • vitamin B12
  • selen og jod

I feit fisk og tran får du i tillegg

  • vitamin D
  • omega 3-feittsyrer

Fisk kan vere villfisk eller oppdrettsfisk. Vi kan ete fisk som

  • middag
  • pålegg
  • mellommåltid

Fisk kan blant anna

  • saltast
  • kokast
  • steikjast
  • lutast
  • tørkast
  • Kan du meir?

Hos Helsedirektoratet kan du lese:

"Ut frå eit helsemessig synspunkt er det gunstig om forbruket av fisk, både mager og feit fisk, aukar i befolkninga. Helsedirektoratet anbefaler at ein et fisk både som pålegg og til middag, og at ein varierer mellom ulike fiskeslag".

Verdas helseorganisasjon framhevar at det finst dokumentasjon som viser at inntak av feit fisk og fiskefeitt reduserer risikoen for hjarte- og karsjukdommar.

Opp gjennom historia har vi utvikla ei mengd ulike tillagingsmetodar for fisk for å ta vare på haldbarheita og for å variere smaken.

Korleis få barn til å ete fisk?

Utfordringar til deg

  1. Les Helsedirektoratet sine nettsider om fisk. Ta notat.
  2. Les Helsedirektoratets sider om fisk og helse. Ta notater.
  3. Lag eit oversyn over sunne påleggsvariantar av fisk.
  4. Gjer deg kjent med sida til Eksportutvalet for fisk. Lag eit oversyn over kva du kan finne på denne sida, og diskuter med medelevar korleis de kan bruke denne sida i vidare arbeid på skulen og i bedrifter.
  5. Bruk fiskeleksikonet Godfisk og Matvaretabellen. Lag ein plakat som viser næringsinnhaldet i ulike typar fisk.
  6. Set opp ein vekemeny med sunne middagar. Fiskemåltid bør vere ein del av denne vekemenyen.
  7. Vel ulike fiskeretter, lag eit fiskebord og inviter lærarane på fest. Fortel dei om næringsinnhaldet i dei rettene de har laga.
  8. Fordjupingsoppgåve: Les og ta notat frå Helsedirektoratet si side om fakta om fisk og helse.

Læringsressursar

Matvaregruppene