Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Mat og næringsstoffChevronRight
  4. MatvaregruppeneChevronRight
  5. Brød og kornvarerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Brød og kornvarer

I Noreg dyrkar vi i hovudsak kornartane bygg, kveite, havre og rug. Å dyrke korn har vore vanleg i Noreg sidan slutten av steinalderen.

Matvaregruppe: brød og kornvarer.Foto.

Det er vanleg å ete fleire skiver brød kvar dag, noko som gjer brød og kornvarer til ein viktig del av kosthaldet vårt.

Til gruppa brød og kornvarer reknar vi

  • alle korntypar
  • matvarer som er laga av korn, mjøl og gryn

Korn inneheld

  • karbohydrat
  • kostfiber
  • lite feitt
  • energi
  • B1
  • E-vitamin i kimen
  • mineral, særleg jern

Mjøl

Vi har tre hovudtypar mjøl:

  • fint mjøl
  • sammale mjøl
  • heilkorn

Bakeevne fortel om kornet eller mjølet kan brukast aleine i baking. Bakeevna varierer med kornsortane og er knytt til gluteninnhaldet i proteinet.

Utmalingsgrad

Når kornet blir male til mjøl, bruker vi heile eller delar av kornet i det ferdige mjølet. Når heile kornet blir brukt, seier vi at utmalingsgraden er 100 %. Ønskjer vi eit finare mjøl, tek vi bort delar av kornet og får ein lågare utmalingsgrad. Mjøl med lågare utmalingsgrad har lågare innhald av vitamin, mineral og fiber. Dersom kli og kime blir tekne bort frå mjølet, blir dei selde som eigne produkt. Kli inneheld skalet på kornet og litt av kimen. Kli er ei god fiberkjelde. Kim inneheld kimen og er rik på vitamin, mineral og noko umetta feitt.

Brød

  • Du kan bake brød ved å bruke éin type mjøl eller ved å blande fleire.
  • Du kan kjøpe ferdige mjølblandingar.
  • Du kan kjøpe halvsteikte brød som du steikjer ferdig sjølv.
  • Du kan kjøpe ferdige brød.

Lyst til å bake grove rundstykker?

Det kan ofte vere vanskeleg å vite kva for nokre brød som er dei sunnaste, spesielt når du kjøper ferdige brød. For å hjelpe deg til å finne ut kor grovt brødet er, har Næringsmiddelbedriftenes Landsforening og Baker- og Konditorbransjens Landsforening i samarbeid med Forbrukerrådet, Helsedirektoratet og Mattilsynet utarbeidd eit merkesystem for mjøl- og bakeribransjen: Brødskala`n

Utfordringar til deg

  1. Les Helsedirektoratet sine nettsider om brød og kornvarer. Ta notat.
  2. I lenkjesamlinga finn du eit undervisningsopplegg for 5.–7. trinn. Kan du svare på alle oppgåvene? Korleis ville du ha brukt dette dersom du jobba med barn i denne aldersgruppa?
  3. Bruk Matvaretabellen og samanlikn næringsinnhaldet i
    • ulike typar korn
    • fint, sammale og heilkorn av kveite
    • kli
    • kim
  4. Stemmer påstanden om at alt mørkt brød er rikt på fiber?
  5. Finn ut korleis mjøl og brød skal oppbevarast.
  6. Lag glutenbollar.
    • Kva er cøliaki?
  7. Finn ulike oppskrifter på mat og bakst med mjøl. Lag rettene heime eller på skulekjøkkenet.
  8. Bak brød med ulike typar mjøl. Vurder deretter brøda ut frå
    • smak
    • næringsinnhald
    • pris

Læringsressursar

Matvaregruppene

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter