Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Kosthald og ernæring

    Kunnskap om kosthald og ernæring er viktig for deg som skal jobbe i yrke innanfor helse- og oppvekstsektoren. Måltida er ein viktig del av kvardagen for alle aldersgrupper, og innhaldet av næringsstoff i maten og variasjon i råvarer er viktig for ei god helse.

    Mat som grunnleggjande behov

    Eit variert kosthald inneheld viktige næringsstoff, både dei som gir energi og dei som ikkje gir energi. Mat er eit grunnleggjande behov for alle menneske og legg grunnlaget for god helse.