Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. KommunikasjonChevronRight
  4. KommunikasjonsprosessenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kommunikasjonsprosessen

Ein kommunikasjonsprosess kan forklarast med at det skjer ein kommunikasjon mellom sendar og mottakar. Det kan vere utan ord, og det kan vere mellom fleire.

En jente hvisker noe i øret til en annen jente. Foto.

Kommunikasjon kan forklarast som ein prosess der ein person, ei gruppe eller ein organisasjon sender eller overfører informasjon til ein annan person, ei gruppe eller ein organisasjon som då er mottakar. Den eller dei som får informasjonen, får ei viss forståing av bodskapen. Ein modell som forklarer dette, kallar vi kommunikasjonsmodellen.

Når menneske kommuniserer med kvarandre, kan det gå føre seg på ulike måtar. Den ikkje-verbale delen av kommunikasjonen er avgjerande for korleis vi sender eller oppfattar bodskapen. Kjensler påverkar korleis informasjonen blir oppfatta og tolka av dei som kommuniserer.

Bildet viser toveiskommunikasjon hvor sender avgir et budskap med en due og får roser tilbake.Illustrasjon.

Læringsressursar

Kommunikasjonsprosessen