Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Profesjonell yrkesutøving

    Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene må du vite kva som blir forventa av ein profesjonell yrkesutøvar. Kunnskapar om velferdsteknologi, etiske retningslinjer og gjeldande regelverk er naudsynt. Du treng også innsikt i andre yrker og å kunne samarbeide på tvers av yrkesgrupper.

    Brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid

    Som fagarbeidar skal du levere helse- og oppveksttenester som fremjar helse og meistring. Samarbeid med mottakarane av tenestene og tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper er naudsynt for å gi eit heilskapleg tilbod som dekkjer behovet til brukarane.