Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Profesjonell yrkesutøving

    Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene må du vite kva som blir forventa av ein profesjonell yrkesutøvar. Kunnskapar om velferdsteknologi, etiske retningslinjer og gjeldande regelverk er naudsynt. Du treng også innsikt i andre yrker og å kunne samarbeide på tvers av yrkesgrupper.

    Oppbygging av tenestene

    Det norske velferdssamfunnet blir kalla ein velferdsstat fordi det offentlege har hovudansvaret for fordeling av grunnleggjande gode. Som fagarbeidar skal du bidra til å dekkje behova brukarane har for helse- og oppveksttenester, og du må derfor kjenne til korleis dei ulike tenestene er bygde opp.