Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Profesjonell yrkesutøvingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Profesjonell yrkesutøving

Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene må du vite kva som blir forventa av ein profesjonell yrkesutøvar. Kunnskapar om velferdsteknologi, etiske retningslinjer og gjeldande regelverk er naudsynt. Du treng også innsikt i andre yrker og å kunne samarbeide på tvers av yrkesgrupper.

Fagarbeidarar med ulik kompetanse samarbeidar for å løyse ei oppgåve. Foto.

I dette emnet kan du lære om kva som blir forventa og kravt av deg som profesjonell yrkesutøvar. Du blir også kjent med alle yrka innan helse- og oppvekstfag på vidaregåande nivå og moglegheiter for vidareutdanning både på fagskulenivå og høgare utdanning.

Emne

Profesjonell yrkesutøving

  • Fagarbeidar

    Ein fagarbeidar er ein yrkesutøvar som har fått opplæring via ein fastsett læreplan, avlagt fagprøve og fått fagbrev, sveinebrev og/eller autorisasjon.

  • Etikk i arbeidet

    Etikk handlar om kva slags haldningar og verdiar du har, og som framtidig fagarbeidar skal du utvikle desse.

  • Som arbeidstakar innan helse- og oppveksttenestene er det viktig å kjenne til lover og regelverk som regulerer yrkesutøvinga.

  • HMS står for helse, miljø og sikkerheit, og HMS-forskrifta kallar vi også for internkontrollforskrifta.

  • Det norske velferdssamfunnet blir kalla ein velferdsstat fordi det offentlege har hovudansvaret for fordeling av grunnleggjande gode.

  • Korleis samarbeider partane i arbeidslivet for å utvikle arbeidslivet? I arbeidslivet har både arbeidsgivarar og arbeidstakarar sine eigne organisasjonar.