Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Etikk i arbeidetChevronRight
  4. YrkesetikkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Yrkesetikk

Når du skal vere ein profesjonell yrkesutøvar, er det viktig å kunne vurdere kva som er rett og gale i ulike situasjonar. Dette gjeld uansett kva for eit yrke du har.

Justitia - statue som personifiserer lov og rettferd. Foto

Når du jobbar i helse-, sosial- eller oppvekstsektoren, vil yrkesetikk seie å gjere det som er riktig i høve til både brukarar, kollegaer og arbeidsgivar. Nokon gonger kan dette vere vanskeleg. Som yrkesutøvar kan du kome til å oppleve at det som er riktig for éin, blir feil for ein annan.

Mange yrkesgrupper har laga eigne yrkesetiske retningslinjer for faget sitt. Mange av desse kan du finne på Internett, eller du kan vende deg til ein fagorganisasjon og spørje etter dei der. Yrkesetiske retningslinjer gir normer for korleis du som fagarbeidar skal utføre arbeidet. Søk på Internett for å finne døme på yrkesetiske retningslinjer.

Læringsressursar

Yrkesetikk