Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Førebygging av ran og svinnChevronRight
  4. Oppgåver om svinn, tjuveri og ranChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Oppgåver om svinn, tjuveri og ran

Bruk det du har lært om svinn, tjuveri og ran for å løyse oppgåvene.

Spesialjakke for tyveri

Oppgåve 1 (individuelt)

a) Vel ei bedrift og beskriv korleis svinn kan oppstå i akkurat den butikken.
b) Føreslå tiltak for å redusere svinnet i butikken.

Oppgåve 2 (gruppe)

Diskuter kva for produkt som er mest utsette for tjuveri på salsflata i ein

a) kledebutikk
b) daglegvarebutikk
c) bensinstasjon

Lag framlegg til tiltak for a, b og c.

Framlegga kan de anten levere som ein skriftleg rapport til læraren, eller presentere munnleg for læraren og klassen.

Oppgåve 3

Læraren planlegg og gjennomfører eit væpna ran. Viss ein vel å jobbe med denne oppgåva, er det viktig å informere/avklare med leiinga på skulen og informere lærarar i klasserom i nærleiken. Sjekk også at ingen av elevane vil ha problem med at det blir ”leikt” væpna ran.

Etter ranet skal kvar elev fylle ut signalementsskjema.

Læringsressursar

Førebygging av ran og svinn

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter