Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Førebygging av ran og svinnChevronRight
  4. TjuveriChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tjuveri

Tjuveri er å ta ein ting som heilt eller delvis høyrer til ein annan. For at vi skal kunne kalle noko tjuveri, må verdien på gjenstanden vere over kr 2000.

Spesialjakke for tyveri

Om tjuveri i straffeloven

Reglane om tjuveri finn vi i § 321 (tjuveri) og § 322 (grovt tjuveri) i straffelova. Når nokon tar gjenstandar som har ein verdi på under kr 2000, kallar vi det mindre tjuveri (§ 323).

Ein skil ofte mellom kundetjuveri og personaltjuveri. Her snakkar vi om tjuveri samla sett.

Kven stel?

I grove trekk kan vi seie at det hovudsakleg er

  • profesjonelle
  • amatørar, som stel pga. impuls, spenning eller dårleg råd
  • rusmisbrukarar
  • gjengar

Kva blir stole?

Alt.

Korleis blir det stole?

Folk stel ved å

  • fjerne alarmar
  • manipulere alarmar
  • ha lommer sydde inn i klede, som dei puttar varer i
  • leggje varer i barnevogner
  • ta på seg fleire plagg
  • byte gamle sko med nye
  • ete og drikke ubetalte varer medan dei handlar

Les saka om kvinna som vart tatt med ein flatskjerm mellom beina.

Tiltak mot tjuveri

Desse praktiske tiltaka kan vi setje i gang mot tjuveri:

  • Smil og sei hei til alle kundar.
  • Lag gode rutinar og gi dei tilsette god opplæring.
  • Kjenn til svinnhjulet. Bli medviten om kva som kan gi svinn på dei ulike stadene vara passerer.
  • Monter sladrespegel i butikken.
  • Unngå høge hyller.
  • Kjenn til metodar for å stele.
  • Gå rundt i lokalet for å følgje med på det som skjer.
  • Leig inn vektarar til å passe på.
  • Ha god orden i lokala.
  • Set pris på dei tilsette slik at dei føler ansvar og ikkje stel på jobben.
  • Lag etiske retningslinjer. Gjer folk medvitne om kva konsekvensane av å stele på jobben er.

Eit smil er gull verdt

Ei sur og stressa betening vil hjelpe tjuven. Det mest førebyggjande tiltaket kan dei tilsette stå for. Smil alltid og sei “hei” når det kjem kundar inn i butikken.

Oppgåve

Vel ein butikk i nærmiljøet ditt og avtal eit intervju med butikksjefen for å finne ut korleis butikken jobbar for å hindre steling.

Læringsressursar

Førebygging av ran og svinn

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter