Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Førebygging av ran og svinnChevronRight
  4. Svinn ved salsflataChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Svinn ved salsflata

Salsflata er det lokalet ein sel varene i. Det er viktig å ha det reint, ryddig og oversiktleg her slik at vi kan redusere svinn frå butikken eller bedrifta.

Bokhandel

Vi kan førebyggje svinn på salsflata på mange måtar, og det er ofte dei daglege rutinane som er viktige:

  • Sjekk at temperaturane er riktige på frysevarer og kjølevarer.
  • Ta vekk dårlege varer blant frukt og grønt.
  • Set nye varer bakarst og inst på hyllene, slik at dei eldste blir selde først.
  • Rydd vekk papp i hyller og trekk varene fram i hyllene.
  • Plasser dyre varer og varer som er lette å stele, nært kassane.
  • Skoeske-prinsippet: Registrer alle stader der varer har blitt stolne frå butikken (dato, vekedag, klokkeslett og varetype). Då kan ein setje inn tiltak som videoovervaking, lågare hyller, speglar eller vektarar.
  • Sikre varer ved hjelp av alarmar. Små klistre-etikettar kan bli feste til varene, og ein kan montere alarmar ved utgangen til butikken.

Læringsressursar

Førebygging av ran og svinn

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter