Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Førebygging av ran og svinnChevronRight
  4. Svinn hos leverandørar ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Svinn hos leverandørar

Det er viktig å velje riktig leverandør. Riktig leverandør betyr at butikken får rett vare til rett stad til rett pris.

Lastebil fra Asko

Med leverandør meiner vi ein person eller ei bedrift som leverer ei vare. Ofte er det slik at leverandøren leverer varer til ein detaljhandel, som igjen sel til sluttkunden. I andre tilfelle – som med straum eller kabel-tv – kan det vere at leverandøren leverer direkte til forbrukaren.

Eksempel på svinn

Leverandørane kan gjere feil som gir svinn på fleire ulike måtar. Her er nokre av dei:

  • sende faktura med feil pris eller mengd
  • levere ein annan varetype enn den som er bestilt
  • levere varer som ikkje stemmer med bestillinga, både i mengd og kvalitet
  • levere varer som har gått ut på dato, eller i ferd med å gå ut på dato
  • bruke uærlege sjåførar som stel varer på køyrerutene

Tiltak mot svinn

Bedriftene bør derfor setje i gang tiltak mot leverandørane sine for å førebyggje svinn. Aktuelle tiltak som bedrifter kan gjere, er

  • å sjekke referansen til leverandøren, dvs. høyre med andre kundar om dei er nøgde før ein vel leverandør
  • sjekke på nettsider om leverandøren har etiske retningslinjer, eller spørje om dei har det

Læringsressursar

Førebygging av ran og svinn

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter