Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Rekruttering, tilsetjingar og personalutviklingChevronRight
  4. Test av personlegdomenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Test av personlegdomen

Personlegdomstestar kan seia ein del om deg, men ikkje sjå på dei som ein fasit. Og ikkje leit etter supermennesket.

Ung jente tar en personlighetstest. Foto.

Henriette Gjendine Hjerpaasen (19) var usikker på kva ho skulle gjera etter vidaregåande skule, og oppsøkte Trude Ekker, leiar for karriererettleiining i selskapet Smart Karriere. Der tok Hjerpaasen mellom anna personlegdomstestar for å finna ut kva slags yrke ho passa til.

– Personlegdomstesten var ein av mange faktorar som fekk meg til å velja kva eg skulle gjera vidare i livet. Han fekk meg til å tenkja meir på kva eg sjølv ville, fortel ho.

Ifølgje fagsjef i Norsk Psykologforening, Andreas Høstmælingen, blir personlegdomstestar brukte i seleksjonsprosessar, typisk tilsetjingsprosessar, i stadig større omfang i Noreg.

– Det er grunn til å ha ei sunn, kritisk haldning til desse testane, dei blir brukt ganske mykje, seier han.

Henriette Hjerpåsen. Foto.
Henriette Hjerpaasen opplevde at personlegdomstesten stemde bra med slik ho oppfattar seg sjølv.

Personlegdom

Så kor mykje kan eigentleg ein god personlegdomstest seia om ein person?

– Ein del, men ikkje alt, seier Høstmælingen, og utdjupar.

– Personlegdom er rimeleg konsistent på tvers av situasjonar og ulike roller, så viss vi er pratsame overfor naboen, er vi truleg det same overfor kollegaer også. Testane kan gje ein indikasjon på om folk er utovervende eller innovervende, omsorgsfulle eller kritiske, planmessig eller meir impulsive, følsame for stress eller robuste, eller om ein aktivt oppsøkjer nye erfaringar eller held fast i det kjende.

Personlegdommen kan likevel koma til uttrykk på ulike måtar.

– I situasjonar og roller som stiller klare rollekrav, vil folk kunna læra seg å handtera krava. Så kor godt eigna du er til ein jobb, dreier seg også om kor lærevillig og motivert du er, seier han.

Femfaktormodellen

Dei fleste personlegdomstestane i dag tek utgangspunkt i den såkalla femfaktormodellen, som plasserer ulike personlegdomstrekk langs fem dimensjonar.

Under ser du døme på trekk i kvar sin ytterkant av dimensjonane.

«Ekstroversjon»:
Får energi frå andre, selskapeleg, interessert i andre. I motsett ytterkant: Vil vera for seg sjølv, tilbakehalden, ikkje så avhengig av kontakt med andre for å trivast.

«Medmenneskeleg»: Omsorgsfull, naiv, tillitsfull, tolerant, lett å omgåast. I motsett ytterkant: Hardfør, kritisk, kynisk.

«Planmessig»: Velorganisert, planleggjande, ansvarleg, sjølvdisiplinert. I motsett ytterkant: Sorglaus, ustrukturert, styrt av interesse, impulsiv.

«Nevrotisisme»:
Følsam for stress, uroleg, tvilar på seg sjølv. I motsett ytterkant: Stabil, roleg, robust, taklar avvisningar og stress.

«Open for erfaring»: Oppsøkjer nye erfaringar aktivt, nysgjerrig, kreativ, utradisjonell. I motsett ytterkant: Meir fastlåst tankemønster, tenkjer meir konkret, realistisk, held fast i det kjende.

(Kjelde: Andreas Høstmælingen, Norsk Psykologforening)

Ingen fasit

Ein annan forutsetnad er at den som utfører testen, er bevisst på korleis han skal brukast.

– I kombinasjon med andre metodar og verktøy kan ein personlegdomstest vera svært nyttig. Men du kan ikkje bruka det som eit fasitsvar på kven du er og korleis du vil oppføra deg, seier Høstmælingen, og åtvarar mot å leita etter såkalla supermannprofilar, som er svært utovervende, svært samvitsfulle, svært flinke til å planleggja, har låg nevrotisisme, og som er svært opne for erfaringar. Det betyr nemleg ikkje at du då har ein personlegdom som passar i alle jobbar.

– Du er nøydd til å sjå på dei ulike arbeidsoppgåvene og analysera kva eigenskapar du treng.

Personlegdomstestane er dessutan utvikla for ulike behov, nokre for å samanlikna mange personar opp mot kvarandre, andre meir for personleg utvikling.

Testskjema. Foto.

Sertifisering

Det Norske Veritas (DNV GL) sertifiserer testar ut frå eit fagleg rammeverk frå EFPA (The European Federation of Psychologists Associations), ein europeisk paraplyorganisasjon for psykologforeiningar. Testleverandørar kan få DNV GL til å granska, og gjennom det eventuelt sertifisera, testane. Ein granskingsprosess kostar rundt 100.000 kroner.

– Vi granskar mange testar som ikkje blir sertifiserte, fortel Siv Eklo, leiar for DNV GLs training og personsertifisering i Nord-Europa.

Dei fleste testane er laga i andre land, og må tilpassast norske tilhøve for at dei skal kunna brukast på ein god måte i den norske marknaden.

DNV GL kan også godkjenna dei som utfører testane.

Dialog

Trude Kvammen Ekker er sertifisert på verktøya dei brukar i karriererettleiinga. Personlegdomstestane blir kombinerte med samtalar.

– Saman med kandidaten går eg gjennom område for område. Eg utdjupar områda, kandidaten gjev respons og kjem gjerne med døme frå livet. Det blir ein dialog for å læra, seier Ekker.

Resultata viser så til ulike personlegdomstypar.

– Men dei er ikkje hogde i stein. Vi utforskar desse typane saman og les kanskje om liknande typar. Saman kjem vi fram til den typen som kjennest mest rett, forklarer ho, og strekar under at det aldri er eit éin-til-éin-forhold mellom personlegdomstype og forslag til studiar eller karriere vidare.

– Eg brukar ein del andre verktøy i tillegg, for å nyansera og utdjupa biletet, seier ho.

Henriette Hjerpaasen opplevde personlegdomstesten som nyttig.

– Då eg las om personlegdomstypen min, var det akkurat som om nokon hadde skrive om meg, seier ho.

Personlegdomstypen som ifølgje testen til Smart Karrier skildrar Henriette Hjerpaasen best, fortel mellom anna at ho blir klart motivert av å kunna hjelpa og bidra med noko positivt overfor andre. Ho har evne til å vera svært strukturert, og tek naturleg ansvar når noko skal gjerast. I tillegg er ho orientert mot det estetiske – det å skapa og å vera i tiltalande omgjevnader.

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Oppseiing

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter